Friluftsliv og viltforvaltning

Miljøverndepartementet publiserer informasjon om statlege tilskotsordningar som fylkeskommunen forvaltar. Fylkeskommunen handsamar søknader frå kommunar og organisasjonar og lag på kommune- og fylkesnivå.

FRILUFTSLIV OG VILTFORVALTNING

Fylkeskommunen forvaltar statlege tilskotsordningar innan friluftsliv og viltforvaltning. Tilskotsordningane vert lyst ut på Miljødirektoratet sine nettsider. Fylkeskommunen handsamar søknader frå kommunar, organisasjonar og lag på kommune- og fylkesnivå.

Søknadane skal sendast inn gjennom Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadsskjema.

Tilskot til friluftsaktivitet
Det blir hovudsakleg gitt tilskot til friluftslivstiltak som stimulerer direkte til friluftsaktivitet, som for eksempel organiserte turar, friluftsleirar, praktiske kurs og anna opplæring.

Målet er med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremmande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga.
Meir om ordninga og innsending av søknad på Miljødirektoratet sine nettsider.

Søknadsfrist for søknader til fylkeskommunen er 1. februar.

Tilskot til tiltak i statleg sikra friluftsområde
Målet med ordninga er å medverke til å fremme friluftsaktivitet i statleg sikra friluftsområde. Gjennom naturvennleg tilrettelegging og skjøtsel skal områda gjerast lett tilgjengelege og attraktive for at alle grupper skal kunne utøve friluftsliv.

Kommunar og interkommunale friluftsråd kan søkje på ordninga.
Meir om ordninga og innsending av søknad på Miljødirektoratet sine nettsider.

Søknadsfrist for søknader til fylkeskommunen er 1. februar.

Tilskot til vilttiltak
Det kan mellom anna bli gitt tilskot til praktiske vilttiltak, stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar. FoU knytt til dokumentasjon og overvaking av naturmangfald, lokale vilttiltak og sentrale utviklingstiltak.

Fylkeskommunen handsamar søknader på regionalt nivå som gjeld jaktbare artar.
Meir om ordninga og innsending av søknad på Miljødirektoratet sine nettsider.

Søknadsfrist for søknader til fylkeskommunen er 15. januar
 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Friluftsliv

Lars Grøteide
Seniorrådgjevar
Lars.Groteide@sfj.no
41530992

Viltforvaltning

Frode Hovland
​Seniorrådgjevar
frode.hovland@sfj.no
​959 92 695

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven