Heidi Vallestad og Anne Lilleaasen på Fredingsmarkering på Flatheim

Heidi Vallestad (til venstre) får ros av fylkespolitikar Anne Lilleaasen. Foto: Eva Moberg/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fredingsmarkering for Storehuset på Flatheim

Laurdag 9. juni var det markering av fredinga av Storehuset frå Eldalen som no står på Flatheim i Gaular kommune.

Eigarane Heidi Vallestad og Sigurd Årskog inviterte til ope hus i Storehuset, og det var mange som hadde lagt turen innom fredingsmarkeringa. På markeringa var det helsingar frå Riksantikvaren ved Kjell Andresen og frå fylkeskommunen ved Anne K. Lilleaasen, medlem i hovudutvalet for næring og kultur.

Storehuset stod opphavleg i Eldalen og var prega av forfall då Vallestad og Årskog kjøpte det for å få det flytta til Flatheim. Då dei kjøpte huset var det klart at det hadde ein svært høg alder, og i samband med flyttinga vart det tatt ut prøvar av årringane i fleire av tømmerstokkane slik at ein fekk vite kor gamalt huset eigentleg var.

Den eldste delen av huset vart datert til 1573. Ståande bygningar med opphav frå perioden 1537–1649 kan erklærast automatisk freda i medhald av kulturminnelova § 4. Grunna dateringa av huset til 1573, har Riksantikvaren erklært huset for freda.

Vallestad og Årskog har gjort eit stort og godt arbeid med å flytte huset til Flatheim og setje det i stand. Frå å stå til forfall er huset i dag brukt til utleige for overnatting for turistar. Denne historia delte dei med dei besøkjande på fredingsmarkeringa.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven