Bilete av Alværn i Lavik. Bustad til eidsvollsmannen Ole Elias Holck,  2014

Alværn i Lavik. Bustad til eidsvollsmannen Ole Elias Holck. Foto: Arlen Bidne

Freda bygg og anlegg

Freda bygg og anlegg representerer alle kulturminne av ein nasjonal verdi og er dei kulturhistorisk mest verdifulle kulturminna frå nyare tid. 

Freding i Sogn og Fjordane

Målet med freding er å sikre eit varig vern av eit tverrsnitt av kulturminne frå heile landet. Dei freda bygga og anlegga skal representere forskjellige etniske og sosiale grupper, tidsepokar, næringsvegar og verksemder. Ein bygning eller eit anlegg vert freda fordi dei har kvalitetar som er av verdi for både eigar, brukar og for samfunnet. Ei freding skal sikre at desse verdiane er tekne vare på for framtida.

I Sogn og Fjordane fylke er i overkant av 250 bygningar freda i medhald av Lov om kulturminne § 15 og 19. Fylkeskommunen har forvaltningsansvaret for desse bygningane og anlegga. Det vil seie at eigar kan ta kontakt med fylkeskommunen i spørsmål om freding, tiltak på eigedomen og for råd i samband med istandsetting. Private eigarar av freda bygningar og anlegg kan i tillegg søke fylkeskommunen om tilskot til istandseting og vedlikehald av bygg.

Kulturminnesøk har ei oversikt over dei freda bygningane i Sogn og Fjordane og i resten av landet. 

Fredingsstrategien

Riksantikvaren har utarbeida ein strategi for dei framtidige fredingane, Fredningsstrategi mot 2020. Der har dei valt ut ti prioriterte tema. Målet er å frede nokre viktige kulturminne frå kvar av desse.

Det er vanlegvis fylkeskommunen som førebur nye fredingssaker, men også andre kan førebu ei fredingssak. For at det skal vere aktuelt for fylkeskommunen å starte opp ei fredingssak må vi vurdere bygningen eller anlegget til å vere eit kulturminne av nasjonal interesse. I tillegg må det vurderast etter Riksantikvaren sin fredingsstrategi. Dersom du eig ein bygning eller eit anlegg som du meiner burde vore freda, kan du ta kontakt med fylkeskommunen og be oss om å gjere ei vurdering.

Dei utvalde temaa i Riksantikvaren sin fredingsstrategi er:

  • Forsvars- og krigshistorie
  • Nasjonale minoritetar
  • Kulturminner i utmark
  • Handel
  • Fellesskap og demokrati
  • Rekreasjon, fritid og folkehelse
  • Ferdsel
  • Industri
  • Busetjing etter industrialiseringa
  • Etter-reformatoriske, arkeologiske kulturminne

Riksantikvaren har meir informasjon om korleis ei freding vert gjennomført og om kvifor kulturminne vert freda

Fredingsgjennomgangen i Sogn og Fjordane

Mange av dei freda bygga og anlegga i fylket har gamle fredingsvedtak. Desse fredingsvedtaka er ofte svært korte og eigar kan bli usikker på omfanget og føremålet med fredinga. Riksantikvaren sitt prosjekt Fredingsgjennomgangen skal bidra til å klargjere omfanget av og føremålet med fredinga. I den samanhengen er alle fredingsvedtak for perioden 1923-1979 gjennomgåtte og presiserte. I Sogn og Fjordane gjeld dette 73 bygningar fordelt på 42 anlegg. Sogn og Fjordane fylkeskommune ferdigstilte sitt arbeid med fredingsgjennomgangen i 2013.

I arbeidet med fredingsgjennomgangen har fylket forbetra kontakten med dei enkelte eigarane. I tillegg har eigarane fått tilsendt ein rapport som fortel kva som finst i arkivet om deira eigedom. Riksantikvaren har også laga eit diplom og eit presiseringsdokument som skildrar fredingsvedtaket med omsyn til omfang, føremål og konsekvensar av fredinga. Dette dokumentet vil danne eit godt grunnlag for det vidare samarbeidet mellom eigar, fylkeskommune og Riksantikvaren.

Søknad om dispensasjon etter Lov om kulturminne § 15a

Lov om kulturminne § 15a opnar for at ein i særskilde tilfelle kan gjera unntak frå vedtak om freding og fredingsføresegnene for tiltak som ikkje medfører vesentleg inngrep i eit kulturminne. Søknad om dispensasjon frå vedtak om freding skal sendast Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ta gjerne kontakt med fylkeskommunen når du begynner å planlegge tiltak på eit freda bygg. Då kan vi avklare kva tiltak som krev dispensasjon og kva tiltak som ikkje krev det. Søknad om dispensasjon skal vere skriftleg. For å få ei rask og effektiv sakshandsaming av søknadar om dispensasjon er det viktig at søknaden inneheld all den nødvendige informasjonen. Søkar skal ha fått svar på søknaden innan ein månad. 

Søknad om dispensasjon frå vedtak om freding må ha med følgjande:

  • Kva bygning det gjeld.
  • Skildring av kva tiltak ein søker dispensasjon for.
  • Skildring og foto av skaden eller behovet for istandsetting.
  • Skildring eller illustrasjon av korleis tiltaket skal utførast.
  • Eigar sin signatur. Viss andre søker på vegne av eigar, må det vere lagt ved fullmakt på dette.

Døme på tiltak som det må søkast om dispensasjon frå fredingsvedtaket for:

  • Heil eller delvis utskifting av grunnmur, vegger, bjelkelag eller tak.
  • Utskifting av utvendig kledning, taktekking, vindauge, dører, listverk og piper.
  • Utskifting av veggfast inventar, til dømes skap, senger, benker og omnar.
  • Endring av målingstype eller farge, fjerning av eldre fargelag, å måle over dekor og liknande.
  • Tilbakeføring av bygningen til tidlegare dokumentert tilstand.

Dersom vedtaket om dispensasjon set vilkår som gjer tiltaket dyrare enn planlagt, kan eigar ha krav på å få dekt meirkostnadar heilt eller delvis jf. Lov om kulturminne § 15a.

For meir informasjon sjå Rundskriv – 27.09.2013: Enklere og raskere dispensasjonsbehandling av tiltak på byggverk, anlegg mv. fra nyere tid, områder og kulturmiljøer som er fredet i medhold av kulturminneloven.

Tilskot

Kvart år kan private eigarar av freda bygningar og anlegg søke fylkeskommunen om statleg tilskot til nødvendige reparasjonar. Informasjon om dette vert sendt den enkelte eigar kvar haust og lagt ut på våre heimesider. 

Søknad om tilskot til freda bygningar og anlegg i privat eige skal sendast gjennom Regionforvaltning

Søknadsfristen er 1. desember kvart år.

Les meir om tilskot på Riksantikvaren si heimeside.

Oversikt over freda bygningar på fylkesatlas.no:

Your browser does not support iframe. <a data-cke-saved-href="http://www.fylkesatlas.no/embedded/3edb7f81-c4a3-44c9-9b01-bb500dd83edc" href="http://www.fylkesatlas.no/embedded/3edb7f81-c4a3-44c9-9b01-bb500dd83edc" target="_blank">You can see the content of the frame here</a>

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Arlen Synnøve Bidne
Rådgjevar 
arlen.synnove.bidne@sfj.no
415 30 934

Knut Ivar Åland
Seniorrådgjevar 
knut.ivar.aland@sfj.no
959 47 117

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00