FOU-startpakke

FoU –startpakken

  • Laupande søknadsfrist
  • Søknaden skal opprettast i Regionalforvaltning.no
  • kr 140.000 som rammeløyving for kvart prosjekt
  • Søknadane vert handsama i den rekkefølgje dei kjem inn.
  • Bagatellmessig støtte, inntil 100% av kostnadane.
  • Rådgjeving tilgjengeleg

Ordninga er aktuell for bedrifter og nettverk som treng hjelp til å kome i gang med forsking og utvikling (FoU). FoU-startpakken dekkar kjøp av innovasjonsprosessleiar (prosjektleiar for arbeidet) og dei fire fyrste trinna i innovasjonsprosessen + organisering og skriving av FoU-søknad. Trinna er illustrert med gult i figuren:

FoU-startpakke ring 2

Kvart prosjekt kan få ei rammeløyving på kr 140.000. Av desse skal inntil kr 40.000 dekka innovasjonsprosessleiaren sitt arbeid, med inntil kr 10.000 for kvart trinn i prosessen. Inntil kr 100.000 kan gå til analysar og utgreiingar, med inntil kr 25.000 for kvart av trinna i prosessen.

Innovasjonsprosessleiaren kan utføre alt arbeid sjølv, eller nytte andre personar. Søkjar bestemmer sjølv kven som skal vera innovasjonsprosessleiar.

Prosessleiar: Trinn 1-4                                    Inntil kr 40.000 (kr 10.000 pr. trinn)

Trinn 1:          Driftsanalyse og mål                                              inntil kr 25.000
Trinn 2:          Problemanalyse                                                     inntil kr 25.000
Trinn 3:          Idéutvikling                                                             inntil kr 25.000
Trinn 4:          Konseptutvikling og konseptanalyse                    inntil kr 25.000
   +                 Prosjektorganisering og FoU-prosjektsøknad

 

Det er sett av kr 1 mill til føremålet i 2017. Dette er ei ordning som vi har fått som eit prøveprosjekt i Sogn og Fjordane (pilot). Dei som får støtte vil derfor delta i utviklingsarbeidet av metodar og verkty knytt til denne hjelpa. Ta gjerne kontakt med oss for ein prat før innsending av søknad.

  • Bedrifter og nettverk innanfor dei prioriterte satsingane kan søkja.
  • Straks innovasjonsprosessleiaren ser at prosjektet ikkje vil føra fram til eit FoU-prosjekt, skal prosjektet avsluttast. Prosjekt som blir avslutta vil få inntil kr 25.000 for kvart oppstarta trinn, basert på dokumenterte kostnader.
  • Det er utvikla eit «prosess-skjema» som skal oppdaterast for kvart gjennomført trinn. Dei som får støtte vil få innføring i dette skjema. I pilotprosjektet skal det oppdaterte skjema leggast fram for VRI4 arbeidsgruppa for å få klarsignal til neste trinn. Dette skal vera ein rask prosess, basert på ei rammeløysing for heile prosjektet.
  • Prosjekta kan få inntil 100% støtte, som bagatellmessig støtte. Søkjar pliktar å i søknadsskjema opplyse om tidlegare motteke offentleg støtte.
  • Fullføring av dei 4 trinna skal skje innan seks månader etter oppstart. Ved organisering av FoU-prosjekt og skriving av søknad, skal heile prosjektperioden vera på maksimum 12 månader.
  • Innovasjonsprosessleiarane vil få opplæring i dei metodar og verkty det er lagt opp til å bruka. Samstundes ynskjer VRI4 tilbakemeldingar og innspel frå prosjektleiarane og andre prosjektdeltakarar, til å forbetra metodar og verkty, som del av piloten. Vi ynskjer å læra av prosjektdeltakarane.
  • Målet er å utvikla betre og meir effektive metodar og verkty i prosjektperioden, slik at innovasjonsprosessane blir raskare, tryggare, betre og meir brukte i utviklingsarbeid.
  • Arbeidsgruppa vil prioritera søknader som er forankra i bedrifter og nettverk med FoU-potensiale. Dette er bedrifter med mål, ambisjonar, ressursar og interesse, som kan forsvara eit tidkrevjande FoU-prosjekt. Samstundes må det vera von om tematisk forskbare problemstillingar og innovasjonshøgd.


·        Søknadane skal opprettast i Regionalforvaltning.no, der du også finn meir informasjon

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Arne Monrad Johnsen
arne.monrad.johnsen@sfj.no
415 30 978

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven