www.eid.vgs.no

Fem bilete med tema skule sett saman i ein kollasj - skulehus, første skuledag, skulehus, protokoll og skuleveg

Fotokonkurranse - #skulenmin

«Skulen min» inviterer til fotokonkurranse på Facebook og Instagram. Vinnarsjansar kvar månad og ein hovudpremie på kr 3000. 

  • Delta med eit artig, morosamt eller illustrerande bilete med tema «skule».
  • Last opp biletet offentleg med emneknaggen #skulenmin på Instagram eller Facebook.
  • Tips til motiv kan vere situasjonar, skulehus, skulevegar eller gjenstandar knytt til skulekvardagen.
  • Bileta må ha ein god tekst, og biletteksten tel med i vurderinga av biletet.

Om konkurransen:

Ved utgangen av kvar månad vil prosjektet «Skulen min» gå gjennom alle aktuelle bileta og velje ut eitt som vert premiert med gåvekort på kr 300. I august 2018 vil alle vinnarane konkurrere om ein hovudpremie på kr 3000.

Hovudpremien vert kåra gjennom ei avstemming på nett og av ein jury på tre personar frå fylkeskommunen og fylkesarkivet. Konkurransen er open for alle.

Første frist for å sende inn bilete er 31. oktober. Følg "Skulen min" på Instagram eller Facebook for meir informasjon.  

Konkurransereglar:

  • Du kan delta berre med bilete du har teke sjølv
  • Ved å delta godtek du at ditt bilete vert publisert med lisensen cc by-sa, noko som betyr at kven som helst kan bruke det fritt seinare, mot at fotografen vert kreditert
  • Kvar deltakar kan delta med maks. tre bilete kvar månad
  • Ved bidrag frå mindre enn tre personar på ein månad, kan månadspremien gå ut
  • Dersom personar på bileta kan kjennast att eller er hovudmotiv, er det du som innsendar/fotograf som har ansvar for å få løyve til å sende inn og offentleggjere bileta
  • Namn på personar på bileta må vere med dersom det er mogleg å identifisere personane. Ved bilete av born under 16 år må foreldre samtykke på vegne av borna
  • Bileta må vere frå Sogn og Fjordane. Det må opplysast om kvar biletet er teke (kommune eller stad)
  • Alle bilete merka med #skulenmin som er lasta opp innan 30/7 2018 deltek i konkurransen. Hugs å publisere med innstillingane open/offentleg. 
  • Vinnarane frå kvar månad konkurrerer om hovudpremien som vert annonsert etter sommaren 2018

 

«Skulen min» er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Les meir på www.sfj.no/skulen_min og følg oss på Instagram eller på Facebook.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker