www.eid.vgs.no

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Folkehelsestrategi

Folkehelse er befolkninga sin helsetilstand, kva faktorar som påverkar helsa og korleis den fordelar seg hos innbyggarane.

Folkehelse er såleis eit tverrsektorielt ansvar som krev innsats frå alle fagområde og nivå. Utjamning av sosiale helseskilnader er sentralt.

Folkehelsearbeid er å skape gode oppvekstvilkår for barn og unge, legge til rette for sunne levevanar, fremme fellesskap, tryggleik, inkludering og brei deltaking i samfunnet og i arbeidslivet.

Definisjonen på folkehelsearbeid er «samfunnet sin samla innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremjar helse og trivsel, førebygger sjukdom, skade og liding og som vernar mot helsetruslar, samt arbeid for ei jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa».

Lovpålagt oppgåve

Ny folkehelselov trådde i kraft 1. januar 2012, og er ei felles lov for kommunane, fylkeskommune og staten sitt ansvar i folkehelsearbeidet. Lova skal legge til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Anne-Lene Norman
Rådgjevar
Anne-Lene.Norman@sfj.no
415 30 378

Relaterte lenker