Illustrasjon med fylkesvåpena til Sogn og Fjordane og Hordaland.

Første møte i fellesnemnda 18. desember

Fellesnemnda som skal førebu samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar skal møtast 18. desember på Flesland. Nemnda skal mellom anna gjere vedtak om leiar og organisering av arbeidet framover. 

Fellesnemnda er sett saman av fylkesutvala i dei to fylka. I det første møtet skal dei velje leiar og nestleiar, delegere mynde til fylkesrådmennene og prosjektleiar, og mellom anna handsame sak om nytt fylkesvåpen.

Saksliste for møtet i fellesnemnda 18. desember 2017.

24 medlemer

Fellesnemnda for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar skal ha 24 medlemer: 15 frå fylkesutvalet i Hordaland og 9 frå fylkesutvalet i Sogn og Fjordane. Nemnda skal fungere fram til nytt fylkesting vert konstituert i november 2019. Fylkesordføraren i Hordaland vert leiar, medan fylkesordføraren i Sogn og Fjordane vert nestleiar. Fellesnemnda skal, i følgje inndelingslova, ta hand om det førebuande arbeidet med økonomiplanen og budsjettet for første driftsåret etter samanslåinga. Andre arbeidsoppgåver og fullmakter for fellesnemnda er fastsette i reglementet vedteke i begge fylkestinga 27.oktober 2017, samt i den vedtekne intensjonsplanen som vart framforhandla i januar i år.

Reglement for fellesnemnda

Intensjonsplan for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar

Fylkesrådmennene utgjer eit felles sekretariat for fellesnemnda inntil nemnda finn det tenleg at prosjektleiar og framtidig fylkesrådmann overtek denne funksjonen.
Fylkesrådmennene og prosjektleiar har rolla som innstillande instans overfor fellesnemnda og fellesnemnda sitt arbeidsutval, og leier alt praktisk arbeid knytt til førebuing av samanslåinga.

stad: Scandic Flesland Airport
tid: kl. 10.15

Sogn og Fjordane og Hordaland skal slåast saman frå 1. januar 2020. Her kan du lese meir om arbeidet med regionreforma.

Kontaktpersonar:
Jenny Følling
fylkesordførar 
479 05 990

Tore Eriksen
fylkesrådmann
415 30932

Ole Inge Gjerald
prosjektsekretær 
408 57 025

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713