www.eid.vgs.no

FLL i Operahuset Nordfjord 11.november 2017

FLL 11.november 2017

Den 11. november 2017 skal ungdom konkurrere om å bli dei beste teknologane og innovatørane i regionen. Arrangementet opnar 09:30, finalen i robotkjøring er 15:00, premieutdeling 15:30. Det er i år heile 20 lag frå regionen, og rekordstor deltaking. Det er 11. gongen Eid vidaregåande skule arrangerer FLL.
Kantina er open heile dagen og elevane fra automasjonsklassane ved skulen vil vise fram robotar som dei brukar i undervisninga. 
 
Det er rundt 20 dommarar frå lokalt næringsliv/skule/kommune som skal vurdere elevane:
- robotkjøring
- bygging og programmering av robot
- innovasjon for å løyse eit problem innanfor temaet
- marknadsføring av innovasjon og samarbeid

Tema i år:
"Hydro Dynamics": menneskets bruk av vatn direkte eller indirekte ved kraftproduksjon. Sjå lenkja, for meir informasjon: http://www.hjernekraft.org
 
Målet med konkurransen er å rekruttere ungdom til å utdanne seg innan teknologi og realfag.

Program for dagen:

FLL_program  2017

 

Tips ein ven Skriv ut