Fiskesprell logo

Fiskesprell

Målet med fiskesprell er at barn og unge skal ete meir fisk i kvardagen, auke kunnskap om sjømaten og gi dei gode smakserfaringar.

Gjennom ulike aktivitetar skal vi inspirere, motivere og stimulere til auka konsum av sjømat i barnehagar og skular. Tilsette i barnehagar og andre som arbeider med barn og unge får tilbod om å delta i eit kursopplegg utarbeidd av Helsedirektoratet, Norges sjømatråd og Nasjonalt institutt for sjømatforskning. 

Frå 2008 har det vore gjennomført kurs for tilsette i barnehagar og SFO og for mat- og helselærarar på barne- og ungdomssteget. Fleire kommunar er såkalla «Fiskesprellkommunar» der alle barnehagane i kommunen er med.

På kursa får deltakarane får tips og råd om korleis sjømat vert laga og korleis ein kan presentere sjømat med ein ungdommeleg vri. Appellerande materiell skal freiste borna og ungdommen til både å lage mat sjølve og til å ville smake på resultatet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Gry Tokvam
Folkehelserådgjevar
Gry.Tokvam@sfj.no

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette