ASVO-bandet frå Årdal på Kulturfestivalen for utviklingshemma 2018. Åtte musikarar med ulike instrument på scenen på Elvetorget i Førde, publikum står rundt.

ASVO-bandet frå Årdal i aksjon på Kulturfestivalen. Foto: Marie Nicolaisen / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Feira 30 år med kulturfestival i Sogn og Fjordane

Kulturfestivalen for utviklingshemma rundar 30 år. Laurdag 26. mai feira festivalen jubileet med konsert på Elvetorget i Førde.

Frå scena kunne publikum få med seg Daniel og Halvard frå Absence Crew, Tilde Henningsen frå Florø,  ASVObandet frå Årdal, Partystarts frå Førde, Go Bananas frå Fjaler, Bygstad brass og Proffene frå Bergen. Som del av konserten opna også TV-BRA, nett-TV-kanalen av og for personar med utviklingshemming, sitt nye kontor i Sogn og Fjordane.

I 30 år har festivalen samla fulle hus med delatakar frå heile fylket. Målet med festivalen er å skape ein kulturell og sosial arena for dialog, samhald og likeverd gjennom positive og kulturelle opplevingar. På årets jubileumsfestival var det 110 deltakar, og til saman var det over 300 personar som var involverte på festivalen.

Absence Crew på Kulturfestivalen for funksjonshemma 2018 i Førde. To dansarar på ei utescene, den eine står på hovudet, den andre på hendene.
​Absence Crew. Foto: Marie Nicolaisen

Festivalen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk forbund for utviklingshemma. Musikkterapistudentar frå Griegakademiet i Bergen er også med under kursa på festivalen.

Eit godt kurstilbod, der alle deltakane blir sett og får utfalde seg uansett funksjonsnivå har i alle år vore ein viktig del av festivalen. I år kunne deltakane velje mellom kurs i hip-hop, folkedans, teater, band, måling, media, aktivitet i vatn og musikalsk samspel og måling. Festivalen blei avslutta med ein felleskonsert der alle fekk vise fram arbeidet sitt sundag føremiddag.

Go Bananas på Kulturfestivalen for utviklingshemma 2018 i Førde. Musikarar med ulike instrument på utescenen, publikum står rundt.
Absence Crew. Foto: Marie Nicolaisen

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven