Statleg tilskot til fagskuleutdanning i helse- og sosialfag

Fylkeskommunane har ansvar for å forvalte ordninga med statleg tilskot til fagskuleutdanning i helse- og sosialfag.

Føremålet med tilskotsordninga er å sikre ei stabil og føreseieleg finansiering av fagskuleutdanning i helse- og sosialfag. Tilskotet skal dekkje driftsutgifter for fagskuletilboda som vert omfatta av ordninga. Tilskot vert rekna to gonger per år etter fastsette satsar per student. Fylkeskommunen skal sikre at oppstarta studieløp som får statleg tilskot, vert vidareført for den einskilde student.

Målgruppa for ordninga er helse- og sosialpersonell med utdanning på vidaregåande skule sitt nivå.

Offentlege, private og ideelle utdanningstilbydarar med NOKUT-godkjente fagskuletilbod i helse- og sosialfag kan søkje fylkeskommunen om statstilskot.

For nærare informasjon om tilskotsordninga viser vi til heimesida til Helsedirektoratet.

Søknad skal sendast til:
Sogn og Fjordane fylkeskommune, 
Opplæringsavdelinga, 
Askedalen 2, 
6863 Leikanger

eller på e-post til post@sfj.no

Merk søknaden med Fagskuleutdanning HS haust 2017

Dokument

Krav til søknaden finn du på heimesida til Helsedirektoratet. (Søknaden skal oppfylle krava i Helsedirektoratet sitt tilskotsregelverk del 2)

Søknadsskjema

Årsrapport for 2016

Kontaktperson

Ingeborg Lie Fredheim
kontorsjef, opplæringsavdelinga
951 40 622
ingeborg.lie.fredheim@sfj.no  

Viktige datoar

Søknadsfrist: 2. mai 2017

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ingeborg Lie Fredheim
Kontorsjef
ingeborg.lie.fredheim@sfj.no
951 40 622

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven