Foto av ein eldre mann og ei eldre dame, som sit på ein benk i parken ved elva i Førde. Det er grønt gras og sol.

Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Får støtte til kartlegging av tilgjengelege turvegar

Fylkeskommunen har fått tildelt 100 000 kroner frå Kartverket til å kartleggje tilgjengelegheit og universell utforming av sentrumsnære turvegar i 11 kommunar i fylket.

Kommunane det skal kartleggjast i er Balestrand, Eid, Flora, Gaular, Gulen, Hornindal, Høyanger, Jølster, Leikanger, Stryn og Årdal. Kartlegginga vil sjå på no-tilstanden på sentrumsnære turvegar, og finne potensial for å gjere vegane betre og meir tilgjengelege.

I 2013 vart det gjennomført ei tilsvarande kartlegging i dei 15 andre kommunane i fylket. Når kartlegginga i dei 11 siste kommunane er gjennomført, vil ein dermed ha eit heilskapleg bilete av tilgjenget på sentrumsnære turvegar i heile fylket.

– Målet med ei slik kartlegging er å setje fokus på utvikling av sentrumsnære turvegar som alle kan nytte seg av. Dette vil kunne bidra til at fleire kjem seg ut og i aktivitet, seier Frank Tore Farsund Tveit i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fylkeskommunen gjennomfører kartlegginga i august/september, i samråd med kommunane. Ein rapport om kartlegginga vil vere klar i oktober.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven