Foto av eit møte i fagopplæringsnemnda. Leiar Nils P. Støyva sit ved enden av bodet, og resten av medlemmane i nemnda sit rundt eit stort møtebord. Alle ser mot kamera.

Fagopplæringsnemnda hadde møte på Fylkeshuset 2. november 2017.

Etterlyser meir spesialisering og skulesamarbeid

Leiar Nils P. Støyva i fagopplæringsnemnda er oppteken av at dei vidaregåande skulane i fylket må spesialisere seg og utvikle samarbeidet – særleg når det gjeld yrkesfaga.

– Skulane i fylket vårt er relativt små, og nesten alle skulane har tilbod innan yrkesfaga. Då er det viktig at dei spesialiserer seg på nokre fagområde, og at skulane samarbeider både om undervisning og fagområde. Elevgrunnlaget vårt gjer det ikkje mogleg å utvikle svært mange tilbod på kvar skule, seier Støyva.

Han viser til samarbeidet vg2 helsefag ved Stryn vidaregåande skule og elektrofag ved Eid vidaregåande skule har om velferdsteknologi, som eit svært vellukka samarbeid.

– Dette er eit samarbeid som har fått nasjonal merksemd, og eg meiner slike samarbeid må utviklast ved fleire av skulane våre, slår han fast.

Vurderte opplæringstilbodet

Fagopplæringsnemnda hadde møte 2. november og vurderte mellom anna dimensjoneringa av det samla opplæringstilbodet i fylket for neste år. Utvalet peikte særleg på at det er viktig å sjå på behovet for faglært arbeidskraft i næringslivet og tilgangen på læreplassar når ein set opp opplæringstilbodet. Av konkrete ønske har næringslivet i Gloppen og Vågsøy har etterspurt vg2 plast- og komposittfag.

– Dette er eit nytt fagområde i Sogn og Fjordane. Ut frå etterspurnaden i næringslivet må vi få til eit tilbod på vg2-nivå i dette fagtilbodet, meiner Støyva.

Tilbakemeldingane frå nærings- og arbeidslivet og opplæringskontora syner elles at det er bra samsvar mellom behova i næringslivet og tilboda ved dei vidaregåande skulane.

Møteboka frå møtet i fagopplæringsnemnda 2. november 2017.

For meir informasjon

Nils P. Støyva
leiar, fagopplæringsnemnda
911 03 124
nils.petter.stoyva@lo.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713