Enøk-tiltak

Tiltak som kan støttast er enøk-analyser, enøk-investeringar i bygningar og driftsanlegg, opplæring av nøkkelpersonell, samt haldningsskapande arbeid/informasjon retta mot innbyggjarane i fylket.

For søknader om støtte til investeringar i bygningar og driftsanlegg, vil det normalt bli stilt krav om gjennomført enøk-analyse av nyare dato (ikkje eldre enn 2-3 år). Med unntak for haldnings-skapande arbeid/informasjon, er støtteordninga berre tilgjengeleg innafor kommunalt og fylkeskommunalt verkeområde.

Det er tildeling av enøk-midlane ein gong i året.

Søknad om støtte til investeringar i bygningar og driftsanlegg må settast opp slik at energisparepotensialet ved dei ulike tiltaka kjem tydeleg fram. Tilskotssatsane syner kva opplysningar vi her er ute etter. Slike data bør vere tilgjengeleg frå gjennomført enøk-analyse.

Dokument

Viktige datoar

  • Søknadsfrist 19. mai 2017

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Torbjørn Hasund
Rådgjevar
torbjorn.hasund@sfj.no
930 04 685

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven