Dei to elevrådsrepresentantane Ingar Hjelle og Vibeke Bjørhovde Haus delar ut bøsser til medelevar til aksjonsdagen 28. oktober. Torsdag kveld (i kveld) kjem dei ut med bøsser for å samle inn til ein skule i slummen i Nairobi, Kenya. Foto: Anita Inge

Dei to elevrådsrepresentantane Ingar Hjelle og Vibeke Bjørhovde Haus delar ut bøsser til medelevar til aksjonsdagen 28. oktober. Torsdag kveld (i kveld) kjem dei ut med bøsser for å samle inn til ein skule i slummen i Nairobi, Kenya. Foto: Anita Inge

Engasjerer seg for skuleprosjekt i Kenya

Elevane har aksjonsdag 28. oktober der dei samlar inn pengar til eit utviklingsprosjekt ved ei skule i Nairobi, Kenya.

Bøsseberarane skal gå med bøsser torsdag kveld på Eid, og på heimplassane til dei enkelte elevane, som til dømes Davik, Hornindal, Stryn, Sandane og Selje. I morgon vil elevane som ikkje skal gå med bøsser aksjonere ved å jobbe for 400 kroner.

Leiarane i aksjonsgruppa elevrådsleiar Vibeke Bjørhovde Haus og nestleiar Ingar Hjelle håpar folk tek godt imot bøsseberarane og at dei når målet om 160.000 innsamlede kroner til aksjonen.

Vil auke innsatsen

– I fjor samla vi inn ca. 140.000 kroner, og dette har vi tenkt å slå i år. Målet er 160.000 kroner. Vi har auka satsen for dei som jobbar til 400 kroner. Det er ca. 320 elevar som skal jobbe, og ca. 60 elevar som skal gå med bøsser, seier Vibeke.

Pengane frå aksjonsdagen går direkte til Loving Concern Education Centre, som Britt Lødøen frå Hornindal har vore engasjert i sidan 2000.

Mathareslummen er ein av dei eldste og største slummane i verda. Kring ein halv million menneske bur under kummerlege forhold i små skur. Det er opne kloakkar mellom skur-radene, og drikkevatnet vert ofte forureina.

Bygger endå ein etasje

Skulen er bygd i fleire etasjar, og fått fleire klasserom for dei pengane som allereie er samla inn. Elevar som har vore og besøkt skulen, har sjølv vore med å handla inn skulebøker og skrivebøker til elevane i slummen.

På skulen går om lag 400 elevar som kvar dag for eit varmt måltid. Dette gjer at foreldra sender borna på skulen. Det vert ein munn mindre å mette. Ein gong i veka får dei kjøt, elles er det ofte berre ris og bønner.

Støtta gjer at skulen vert ferdigbygd, og at borna får eit varmt måltid kvar dag. Dei får meir enn ei lærebok på k var klasse, skrivesaker og skrivebøker, og ikkje minst får dei ei utdanning som kan vere vegen ut av slummen. Alle pengane går uavkorta til skulen.

Tips ein ven Skriv ut