
Elektro bilde av elevar og lærar
Elektrofag
Er du praktisk anlagt og er nysgjerrig på elektrisk utstyr og elektroniske system? Likar du å yte god service? Elektrofaget gjev mange moglegheiter fram mot spanande yrkesval.
Elektrofag er eit yrkesfag, og Eid vidaregåande skule tilbyr slike kurs:
- Vg1 Elektrofag
- Vg2 Data og elektronikk
- Vg2 Automatisering
- Vg2 Elenergi
- Vg3 Dataelektronikerfaget
- Vg3 Automatisering
Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.
Les meir om elektrofaget og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no: Elektrofag
Elektrofag ved Eid vidaregåande skule
Eid vgs har ei stor elektoravdeling. Vi har to klassar Vg1 elektro med 15 elevar i kvar klasse. På Vg2 har vi ei klassar innan elenergi, ei automasjonklasse og ei klasse for data og elektronikk. På Vg2 tilbyr Eid vgs både Vg3 dataelektronikarfaget og Vg3 automatisering. Skulen har erfarne lærarar og eit godt etablert nettverk mellom skule og næringsliv. Dette gjer elevane godt budde til å møte næringslivet og store moglegheiter for å vise seg fram til ein potensiell arbeidsgjevar.
Tilhøve ved skulen
Alle klassane held til på elektroavdelinga og du er ein del av eit stort fagmiljø. Du er også kort veg til dei andre yrkesfaga på skulen, teknikk og industriell produksjon, industriell møbel og design og handverk. Skulen har ein flott verkstadfløy.
Kvifor velje dette faget
Elektrofag gjev mange moglegheiter fram mot spanande yrkesval. Nesten alt vi omgjev oss med til dagleg er avhengig av straum for å fungere. Det vil difor alltid vere behov for elektrofagfolk for eksempel i strømforsyning, boliger, industri, fly, skip, tog, kjøretøy, osv.
Vegen vidare
Hvis du ønskjer å utdanne deg til eit av hovedområda elektrofag, elektronikkfag, flyfag eller sjøfartsfag, kan du velge denne studieretninga. Etter tida på skule er du attraktiv for læretid og tilsetting i næringslivet, og vil du seinare ta fagskule eller ingeniørutdanning er det også stort behov for deg .