Eid vidaregåande skule
Bedriftsbesøk hos Tine Meieriet Byrkjelo

Ekskursjon til Tine

Onsdag 8. november var kjemi 1 klassen ved Eid vgs. på ekskursjon til Tine Meieriet Byrkjelo. Her vart vi møtte av Synnøve Vik Bergstad som ilag med Bjarte Valør starta dagen med foredrag.

Galleri

Bilde ekskursjon tine[1]

Foredraget omhandla Tine og produkta dei lagar, samt vassbehandlinga og reinsing av vatn som er ein del av pensum i kjemi 1.

Vi fekk også omvising på anlegget v/Elin Nes. Der vi fekk sjå på mange av dei ulike prosessane som i eit meieri. På laboratoriet fekk vi lære om ulike analyser dei tek av produkt og produksjonslokalar. Vi fekk og ein demonstrasjon av bakteriologisk analyse av drikkevatn.

 

Til lunsj fekk vi mykje forskjellige Tine produkt. Elevane fekk og prøve og ta bakterieprøver av eigne mobilar og andre eigendelar ved bruk av ATP-måler.

Vi hadde ein kjekk og lærerik tur!

 

mvh Marianne

Tips ein ven Skriv ut