Foto som syner den gamle Firda gymnas-bygningen ved Firda vidaregåane skule. På skuleplassen og på balkongen i andre etasje er det samla mange elevar. Det er sol og blå himmel.

Foto: Geir Skagen/Firda vidaregåande skule

Dronning Sonjas skulepris 2017 til Firda vidaregåande skule

Arbeidet med likeverd og inkludering og det å leve opp til sitt eige slagord «Meir enn ein skule» har vore avgjerande.

– Firda vidaregåande skule skil seg ut med ei gjennomtenkt tilnærming til inkludering og relasjonsbygging gjennom sitt langvarige arbeid for å sjå heilskapen rundt elevane, seier juryleiar og direktør ved Norsk senter for menneskerettar Inga Bostad.

Dronning Sonjas skulepris for likeverd og inkludering 2017 skal overrekkjast av dronninga sjølv under eit arrangement på skulen 28. november. Prisen er på 250 000 kr, eit diplom og eit kunstverk utforma av Dronning Sonja.

Deler prisen med elevane

Juryen har merka seg slagordet «Meir enn ein skule», og meiner at Firda vidaregåande skule ser kvardagen til elevane i ein større samanheng, og arbeider for dialog som grunnleggjande verdi i alt arbeid. Rektor Hallgeir Hansen er glad for prisen og set stor pris på at juryen har sett arbeidet som blir gjort ved skulen.

– Vi har mange tilsette som dagleg strekkjer seg langt for at enkeltelevar skal kjenne seg sett og tekne vare på. Dei tilsette har eit sterkt elevengasjement og eit sterkt ønske om at ungdomane våre skal nå måla sine. Samstundes har vi positive elevar, som er lette å samarbeide med og som er aktive i å bygge eit ope og godt skulemiljø. Dette er ikkje minst ein pris til elevane, seier han.

Hansen ønskjer også å dele prisen med både opplæringsavdelinga i fylkeskommunen og dei andre vidaregåande skulane i fylket.

Tenkjer nytt

I grunngjevinga for prisen framhevar juryen «Gloppen-modellen». Firda vidaregåande skule har tenkt nytt og utvikla eit utdanningstilbod i helsefag for vaksne, minoritetsspråklege, saman med Nav og Gloppen kommune. Utdanninga fremjar språkopplæring, integrering og meistring gjennom praksis og er blitt lagt merke til langt utanfor Gloppen.

– Det er flott at juryen har lagt merke til alt det gode arbeidet som blir gjort ved Firda vidaregåande skule. Dette er ein pris til både elevar og tilsette. Eg håpar prisen vil inspirere og motivere alle elevar og dei som arbeider med vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane, seier Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring

Pressemelding frå Utdanningsdirektoratet.

For meir informasjon

Hallgeir Hansen
rektor, Firda vidaregåande skule
hallgeir.hansen@sfj.no
 415 30 885

Bekka Skaasheim
fylkesdirektør for opplæring
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956

Rektor Hallgeir Hansen ved Firda vidaregåande skule på Sandane.
Rektor Hallgeir Hansen jublar for prisen og deler den med elevar, tilsette, dei andre vidaregåande skulane og alle som jobbar med vidaregåande opplæring i fylket.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00