www.eid.vgs.no

Kvit stripe på asfalt. Foto: cc-by Lali Masriera/Flickr.com

Foto: cc-by Lali Masriera/Flickr.com

Drift og vedlikehald

Statens vegvesen gjennomfører drift og vedlikehald av fylkesvegnettet på vegner av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Drift og vedlikehald

Drift og vedlikehald skal sikre at vegnettet er egna til bruk for trafikantane og at funksjonen på vegen vert oppretthalde. I tillegg skal drift og vedlikehald sikre at den fysiske infrastrukturen blir teken vare på i samsvar med langsiktige mål for bruken av den.

Med drift av vegnettet meiner vi oppgåver og rutinar som er naudsynte for å halde vegen open og farbar. Dette kan vera tiltak som til dømes brøyting, strøing, reinhald, drift av rasteplassar osv.

Med vedlikehald meiner vi utbetring av vegen til opphavleg standard, og som tek vare på den fysiske infrastrukturen i eit lenger perspektiv. Døme på slike tiltak er dekkelegging, skifte av stikkrenner, skifte utslitte delar i elektriske anlegg, skifte rekkverk, grøfting osv.

Driftskontraktar

Drift av vegnettet vert gjort av driftsentreprenørar gjennom femårige driftskontraktar. Statens vegvesen kontrollerer ved hjelp av stikkprøver om arbeidet som blir gjort følgjer kontraktfesta standard. I Sogn og Fjordane er det til saman sju kontraktsområde.

Funksjonsklassar

Fylkesvegnettet er inndelt i funksjonsklassar som skal vere grunnlag for prioriteringar av drifts- og vedlikehaldstiltak. Fylkesvegnettet er delt inn i funksjonsklassane B, C, D og E. Funksjonsklasse A er riksveg.

Vi nyttar årleg om lag 200 mill. kr til drift og vedlikehald av fylkesvegnettet i Sogn og Fjordane.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Relaterte lenker