Eid vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/Draumeskulen
Godt læringsmiljø hindrar fråfall

Godt læringsmiljø hindrar fråfall

Draumeskulen

Draumeskulen er eit program utarbeidd av "Voksne for barn" som har som mål å betre trivselen, bli betre kjent i klassen og på skulen, og ha ein betre skulegang. Hovudmålet er at fleire elevar skal gjennomføre vidaregåande skule. 

Prosjektet starta skuleåret 2016-17 og vi har hatt det kvart skuleår sidan.

På Eid vgs har vi  Elevmentorar. Det er elevar på vg2 og vg3 som bruker av si skuletid til å skape eit godt sosialt miljø i vg1-klassene. Det er 2 til4 elevmentorar i kvar klasse. Dei organiserar blir-kjent-leikar, har lunsjavtalar med elevar, finn på sosiale aktivitetar i friminutta og tek kontakt med elevar viss nokon er aleine. Dei er med mentorklassa si mellom anna første skuledag, aktivitetsdag og gjennomfører opplegga Draumeklassen1 og Draumeklassen2.

Kontaktlærarane får eit ekstra verkty for å skape eit godt klassemiljø med Draumeskulen. Dei får støtte av elevmentorane og ein ressursperson frå Draumeskuleteamet. Ressursteam for Draumeskulen består av miljøkoordinator, rådgjevarar, kontaktlærarar, elevar og utviklingsleiar.

 

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Advelingsleiar Håvar Fagerli 
havar.kjetil.fagerli@sfj.no

Relaterte lenker