www.eid.vgs.no

Dokumentasjon som skal følgje søknaden

Slik sender du inn dokumentasjon på tidlegare utdanning.

Ungdomsrett

Har du dokumentasjon frå tidlegare utdanning?

Har du ikkje dokumentasjon frå tidlegare utdanning

  • Opplæringslova § 6-13: Søkjarar som hevdar at dei har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet etter bokstav b, må sjølve dokumentere dette eller grunngi at det er sannsynleg at han eller ho oppfyller vilkåret. Dette vilkåret kan oppfyllast med ei realkompetansevurdering frå kommunen din.
  • Om fylkeskommunen finn at vilkåret ikkje er oppfylt, vert saka sendt til kommunen, som avklarar om du har tilsvarande realkompetanse eller om dei skal tilby deg meir grunnskuleopplæring for vaksne etter opplæringslova § 4A-1.

Sjå opplæringslova § 3.1 for meir informasjon om ungdomsrett.

Vaksenrett

Har du dokumentasjon på tidlegare utdanning?

Etter at du har sendt inn søknad på vigo.no, må du sende inn kopi av dokumentasjonen til Sogn og Fjordane fylkeskommune, anten per post til

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

eller på epost til post@sfj.no.

Merk brevet eller e-posten med «vaksenopplæring».

Har du ikkje dokumentasjon på tidlegare utdanning?

  • Logg inn og registrer søknaden din på vigo.no. På siste side i søknaden står det eit merknadsfelt du kan skrive i. Her kan du skrive at du ikkje har dokumentasjon på tidlegare utdanning. Når søknaden er motteken, vil saksbehandlar sjå dette og sende eit skjema i retur i til deg. Dette må du fylle ut med detaljar om tidlegare utdanning og sende tilbake til fylkeskommunen. Det er viktig at både du og kontaktpersonen din i kommunen signerer på skjemaet.
  • Du må kunne dokumentere engelskkunnskapar på nivå med fullført norsk grunnskule. Om du ikkje har vitnemål, må du søke kommunen din om realkompetansevurdering i engelsk.

Sjå opplæringslova § 4A-3 for meir informasjon om vaksenrett.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Yrla Klein
prosjektmedarbeidar integrering
yrla.klein@sfj.no
403 49 549

Relaterte lenker