Eid vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Design og handverk
Kreative yrker

Kreative yrker

Design og handverk

Er du interessert i design av kle, mote, frisør, smykke,  industri, interiør, møbel, reklame osv og vil arbeide med noko praktisk seinare i livet,  då er design og handverk noko for deg ! Tilbodet på Eid vgs er det einaste i fylket vårt.

Design og handverk er eit yrkesfag, og Eid vidaregåande skule tilbyr slike kurs:

  • Vg1 Design og handverk (einaste tilbodet i Sogn og Fjordane fylkeskommune)
  • Vg2 Ineriør- og utstillingsdesign

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om design og handverk og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no: Design og handverk

Design og handverk ved Eid vidaregåande skule

Som elev på Eid vgs får du vere med på å jobbe tett opp mot aktivitetar/arrangement i Operahuset Nordfjord, spesiellt med operaen og skulemusikalen. Du får jobbe i team med elevar frå andre klassar som industriell møbelproduksjon, elenergi og industriteknologi, i tillegg til lærarar og profesjonelle. Alt som ein del av faga på design og handverk. 

Tilhøve ved skulen

På Vg1 jobbar du med ulike teknikkar og fordjupar deg etter kvart i det lærefaget du ønskjer å gå vidare på. På Vg2 har du svært mange moglegheiter. På Eid kan du gå vidare på Vg2 interiør- og utstillingsdesing og på industriell møbelproduksjon. 

Kvifor velje dette faget

Du får lære å vere kreativ på ein nyttig og kjekk måte. Leike med det kreative, samstundes som du lærer mykje.

Vegen vidare

Etter to år er du klar for å gå ut i lære, eller du kan søkje om opptak til Vg3 Interiør, eller velje Vg3 påbygging til studiekompetane.  Du kan ta fagbrev som profileringsdesigner, sjekk http://sdforeningen.no . Likar du å skape, teikne og likar praktisk arbeid så er kanskje dette noko for deg. Etter 3 år på vidaregåane skule kan du bli interiørkonsulent.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Utdanningsleiar 
Ove Lillestøl
415 30 811

Ove.Lillestol@sfj.no