www.eid.vgs.no

Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken skal leggje til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren, slik at gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt, kan bli utvikla innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk.

Løyvingane skal hovudsakleg nyttast til profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet, gjerne i samarbeid med kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre kulturaktørar på lokalt eller regionalt nivå.

Det er svært viktig at kulturtilbodet er tilpassa til eldre og er tilgjengeleg på arenaer der eldre har sitt daglege liv.

Last ned søknadsskjema, rettleiing til søknaden, retningslinjer for ordninga og rapporteringsskjema under "dokument" nedst på denne sida.  

Viktige datoar

  • Søknadsfrist 1. juni 2017
  • Rapporteringsfrist 1. juni 2017

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jorunn Bakke Nydal
Musikkterapeut
jorunn.bakke.nydal@sfj.no
913 44 734

Relaterte lenker