www.eid.vgs.no

Dansegruppa In Motion frå Luster. Foto: Martin Andreas Aasen Vikesland.

Foto: Martin Andreas Aasen Vikesland

Danseverkstad

Danseverkstadetablering Sogn og Fjordane vart ei satsing i folkehelsearbeidet i Sogn og Fjordane i 2005.

Danseverkstadetableringa baserer seg på metoden ung-til-ung-formidling, og satsinga omfattar i dag 13 kommunar frå alle delar av fylket. Kommunane som deltek har starta lokale danseverkstader som del av sitt ungdomsarbeid, og om lag 1400 barn og unge mellom 9 og 19 år er i dag elevar i dei mange danseverkstadane i fylket.

Danseverkstadane har låg terskel for deltaking både økonomisk og sosialt, og vert drive av ungdomane sjølve med oppfølging av kommunalt tilsette. Tiltaket fremjar personleg vekst, mestring og identitet, er ein viktig sosial arena og møteplass og ein arena for å nå barn og unge.

Fremjar helse

Tiltaket fremjar helse på mange område; fysisk aktivitet og rusførebygging, i tillegg til at ein fokuserer på ernæring og skadeførebygging. Vatn vert nytta som tørstedrikk både på treningane og på felles prosjekt på tvers av kommunegrenser. Frukt og grønt er ein naturleg del av kosthaldet på alle kurs og samlingar. Dei unge instruktørane er kursa i korleis dei sjølve kan unngå skader under trening og dans, og korleis dei skal fokusere på dette i instruktørrolla si.

Positivt fritidstilbod

Danseverkstaden er eit positivt fritidstilbod for unge i kommunane og på tvers av kommunegrenser. Modellen fungerer godt og gir svært mange unge tru på seg sjølve. Solidaritet og omsorg for andre ligg nær i modellen i og med at ungdommane skal ta sjølvstendig ansvar for elevane sine og for drifta. Ungdomane har sjølve skapt mottoet «Ein plass for alle», som dei lever opp til ved å invitere barn og unge frå alle sosiale lag til å delta. Danseverkstaden kan såleis fungere som eit sosialt utjamnande tiltak for barne- og ungdomsgruppa.

Ung-til-ung-formidling er ein metode for å skape endring i kunnskap, haldningar, ferdigheiter og i beste fall endra åtferd hos individ og grupper. Sentrale fordeler med metoden er at ungdom som formidlarar kan ha større påverknad i ungdomsgruppa enn det vaksne har. Unge har betre kontakt i ungdomsmiljøet og kan nå skjulte og utsette grupper. Ung-til-ung-formidling er definert som ein offentleg strategi for helsefremmende og førebyggande arbeid blant barn og unge (St. meld.17 (1999-2000), St. Meld. 39 (2001-02).

Her kan du sjå film frå Danseverkstadane.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ove Henning Solheim
Dans uten grenser
ove@dansutengrenser.com

Relaterte lenker