Illustrasjon av dagsturhytta, som skal kome i alle kommunane i Sogn og Fjordane. Hytta er forma som eit triangel, og vi ser eine sida, der det er store vindauge. På taket er det teikna sitjeplassar som i ei stor trapp.

Illustrasjon: Rojo arkitekter

Dagsturhytta

I løpet av 2018 skal kvar kommune i Sogn og Fjordane ha fått på plass dagsturhytter med nynorsk turbibliotek på eit turmål i kommunen.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga og kommunane sjølve. Utgangspunktet er visjonen i Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv: Fysisk aktivitet for alle.

I Fylkesatlas kan du sjå kvar hyttene skal kome i kvar kommune. Kartet blir oppdatert etter kvart som fleire kommunar bestemmer plassering for hytta si.

Lågterskeltilbod

Dagsturhytta skal vere eit lågterskeltilbod for turgåarar. Ho vert om lag 15 kvadratmeter og har verken varme, straum eller sanitæranlegg. Hytta skal vere ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Ein del kommunar har i tillegg bestemt seg for å byggje ein utedo i tilknyting til hytta.

Plasseringa av hyttene er valt/skal veljast ut av administrasjonen i kommunen – eller ved hjelp av lokalt engasjement. Turmålet må ha god utsikt, ein må sjå kommunesenteret, og det skal vere eit innarbeidd turmål i kommunen.

Nynorsk turbibliotek

Hyttene skal også ha eit minibibliotek med nynorskbøker til bruk på staden. Fylkesbiblioteket har søkt og fått midlar frå Nasjonalbiblioteket til eit toårig prosjekt, som går ut på å skape liv i hyttene. Målet er å skape aktivitet og stimulere til bruk av både hyttene og turbiblioteka, og prøve ut kombinasjonen kultur og fysisk aktivitet/tur.

Nasjonalbiblioteket har løyvd 400 000 kr til prosjektet i år, og Fylkesbiblioteket har søkt om tilsvarande sum neste år. Pengane går til turnear i dagsturhyttene frå våren 2018. Hyttene skal vere sosiale møteplassar i naturen, og fylkesbiblioteket legg blant anna opp til forfattarbesøk og teaterframsyningar i eller ved hyttene.

Turbiblioteka vil vere sett saman av ei samling nynorske bøker, biletbøker, forteljingsbøker og faktabøker for barn. Det vert også bøker for ungdom og vaksne, som friluftsbøker, naturbøker, samlingar av segner og eventyr, og bøker om kulturminne frå områda hyttene ligg i.

Første ferdige i november 2017

Hytta er teikna av Rojo arkitekter i Trondheim og blir bygd av Reknes Byggjevarer. Dei byggjer hyttene på lageret sitt i Masfjorden, før dei blir frakta til stadane der dei skal monterast.

Dei første hyttene skal monterast i veke 47 i 2017 og skal vere klare før 1. desember. Kommunane som er først ute med dagsturhytte er Luster, Flora, Eid, Jølster og Gloppen.

Dagsturhyttene blir i hovudsak finansierte ved hjelp av spelemidlar, med pengar frå Sparebankstiftinga og momsrefusjon.

I venstremenyen kan du klikke deg inn på kommunevise sider og lese meir om dagsturhyttene i kvar enkelt kommune.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00