Fleire cruiseskip på fjorden

Cruisestrategi på høyring

Dei fire vestlandsfylka har utarbeida eit utkast til felles cruisestrategi for vestlandsregionen 2016-2020, og legg det no ut på høyring.

Vestlandsrådet vedtok 5. desember 2014 at dei fire vestlandsfylka skulle starte arbeidet med ein felles strategi for cruiseturisme. I vedtaket heiter det; «Vestlandsrådet bad i vedtak av 5.12.2014 om at det vert utarbeidd ein kortfatta, overordna cruisestrategi for Vestlandet med utgangspunkt i dei samla utfordringar ein har. Grunnlaget for arbeidet med strategien er regjeringa sine tre hovudmål for ein eigen reiselivstrategi om ein berekraftig reiselivsnæring og dei utfordringar og moglegheiter som det vart peika på i Forstudie om felles cruisestrategi for dei fire Vestlandsfylka».

Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane fylkeskommune slutta seg til vedtaket i Vestlandsrådet om at det skulle utarbeidast ein overordna cruisestrategi for Vestlandet og at cruisestrategien skulle innarbeidast som ein del av Reiselivsstrategi for Vestlandet 2013-2020.

Ein har no utarbeida eit felles utkast til Cruisestrategi for Vestlandsregionen 2016-2020  som ein ynskjer å få innspel og kommentar på frå aktuelle bedrifter og organisasjonar i dei fire fylkeskommunane før utgreiinga vert sendt vidare til politisk handsaming i Vestlandsrådet. Ein ser for seg at «Cruisestrategi for Vestlandsregionen 2016-2020» med anbefalingar vert handsama i Vestlandsrådet 26.05.2016.

Les Cruisestrategi for Vestlandsregionen 2016-2020

Synspunkt og innspel til dokumentet kan sendast til Trond Amland på trond@reiselivsutvikling.no innan 2. mai.

Kontaktperson:

Trond Amland
prosessleiar, Cruisestrategi for Vestlandsregionen 2016-202
trond@reiselivsutvikling.no
908 55 755

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00