SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Eid vidaregåande skule    

 

INFORMASJON OM RETTEN TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING/VURDERING

Dette søknadsskjemaet skal nyttast dersom du:

-          ønskjer tilbod om vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne.

-          ønskjer tilbod om realkompetansevurdering opp mot læreplan i vidaregåande opplæring

Dersom du vil søkje ordinær vidaregåande opplæring, skal du ikkje bruke dette søknadsskjemaet.

 

Vaksne søkarar med rett til vidaregåande opplæring går framfor søkarar utan rett.

Ved inntak til den ordinære opplæringa går ungdom med rett framfor vaksne søkarar.

Opplæringa for vaksne med rett er gratis, men du må sjølv betale td materiell, læremiddel og reise
til opplæring/vurdering.  Statens Lånekasse kan gje støtte til opplæring etter søknad. 
For meir informasjon sjå www.lanekassen.no.

 

Vaksne fødde før 1. januar 1978 og som har fullført grunnskulen eller tilsvarande, men som ikkje har
fullført vidaregåande opplæring har etter søknad rett til vidaregåande opplæring.

Legg ved godkjende kopiar av vitnemål/skulegang etter grunnskulen. Dette for at vi

skal kunne vurdere om du kjem inn under retten til vidaregåande opplæring for vaksne.

Før opp evt arbeidslivspraksis og legg ved attestar. Legg og ved kopi av kursbevis eller
anna dokumentasjon som er relevant for søknaden.

 

Søknaden gjeld  -  Vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne

Vaksne som kjem inn under retten til vidaregåande opplæring har rett til ei opplæring

som gir studie- eller yrkeskompetanse.

Om du ønskjer studiekompetanse for å kome inn på høgskular og universitet, kan du skrive opp
studiekompetanse.

Om du ønskjer ei yrkesopplæring fram mot fag-/sveineprøve, kan du skrive opp kva  yrke/fag
du ønskjer å utdanne deg til. Døme: kokk, servitør, omsorgsarbeidar osv..

For meir informasjon sjå www.vilbli.no

 

 

Søknaden gjeld  -  Realkompetansevurdering opp mot vidaregåande opplæring

Realkompetanse omfattar alt du tidlegare har lært i skule, arbeidsliv, gjennom heimearbeid og organisasjonsliv.
Du kan få kartlagt og vurdert realkompetansen din opp mot læreplanar i vidaregåande opplæring slik at
dette kan telje med i den opplæringa du gjennomfører. Realkompetansevurderinga er ein samtale med
ein fagperson opp mot måla i læreplanen.
Etter gjennomført vurdering har du krav på dokumentasjon på eventuelt godkjende fag.
Læreplanane finn du på www.utdanningsdirektoratet.no

Ønskjer du å bli realkompetansevurdert, kryssar du av i ruta på søknadsskjemaet.

Forutan godkjende kopiar av vitnemål, treng vi godkjende kopiar av attestar frå betalt eller ubetalt arbeid,
etterutdanning, kurs, fritidsaktivitetar osv.  Dvs alt som kan vere relevant opp mot målet i
læreplanane for vidaregåande opplæring.

 

Godkjend realkompetanse kan gje avkorta opplæringstid.

Fylkeskommunen er pliktig til å legge til rette for at vaksne med rett til vidaregåande
opplæring får kartlagt og vurdert realkompetansen sin.