Fylkesmesse for ungdomsbedrifter
Torsdag 11. mars 2010 inviterer Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane entreprenørskapsungdom til årets fylkesmesse for ungdomsbedrifter / elevbedrifter frå Nordfjord. Arrangementet finn stad i Operahuset Nordfjord.

 

PRESSEMELDING : "Fylkesmesse for ungdomsbedrifter / regional elevbedriftsmesse"

Torsdag 11. mars 2010 inviterer Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane entreprenørskapsungdom til årets fylkesmesse for ungdomsbedrifter / elevbedrifter frå Nordfjord. Arrangementet finn stad på Operahuset på Nordfjordeid. Her vert det mogleg for ungdommen å presentere det dei har arbeidd med gjennom skuleåret. Det er òg mogleg å bli premiert på bakgrunn av klassane bedrifta melder seg opp til.

Ved årets fylkesmesse vert desse klassane aktuelle:

Vidaregåande skule:
1. Beste marknadsføringstiltak 
2. Beste utstilling
3. Beste produkt (med verdiskapingspotensiale)
4. Beste teneste
5. Beste innovative produkt/idé
6. Beste ungdomsbedrift
7. Beste "grøne" bedrift
8. Beste Lokalsamfunnsprosjekt
9. Beste internasjonale prosjekt 
10. Publikumsprisen

Grunnskule:
Beste elevbedrift
Nest beste elevbedrift

Arrangementet startar kl. 12.00 med opning i operasalen. Her vil det kun vere plass til deltakarane på messa samt presse.

Utstillingane i kantina på Eid vidaregåande skule opnar for publikum kl. 12.30. Tilsaman er det påmeldt i overkant av 350 ungdomar frå heile fylket til arrangementet.

Vi ynskjer deltakarar, publikum og presse velkomne til Fylkesmessa 2010

For UE Sogn og Fjordane

Holger Aasen Eivind Husabø
-Dagleg leiar- -Rådgjevar/VGO ansvarleg-

 



uelogo258
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Eid VGS