5231 har søkt vidaregåande opplæring i skule og bedrift, av desse har 464 søkt opplæring i bedrift.
Det er ein liten auke i søkjartalet i 2010, i høve til 2009. Sogn og Fjordane har 4416 elevplassar i vidaregåande skule og 877 læreplassar i bedrift.
Samanlikna med 2009 er det auke i søkjartalet til vidaregåande trinn 1 (Vg1) innan Idrettsfag, Studiespesialisering og Service og samferdsel.
Det er nedgang i søkjartalat til Bygg og anleggsteknikk og Elektrofag.
Det er fleire som søkjer vidaregåande trinn 2 (Vg2) innan programområde Helsearbeidarfaget og Kjøretøy i 2010, enn i 2009. Det er nedgang i søkjartalet til Vg2 innan utdanningsprogram for Kokk og servitør, Matfag, Sal, service og sikkerheit og Kjemiprosess.
På vidaregåande trinn3 (Vg3) er det gode søkjartal til Påbygging til generell studiekompetanse.
Til opplæring i bedrift er det ein auke i søkjartalet til Elektrikarfaget, Matrosfaget og Yrkessjåførfaget, medan det mellom anna er nedgang i søkjartalet til Kokkefaget og Tømrarfaget.
Hovudutval for opplæring gjer vedtak om justeringar i tilbodet i dei vidaregåande skulane 25.03.2010
Søkjaroversyn per 2. mars 2010 for Sogn og Fjordane finn ein på internett: www.sfj.no
Reidun Liljedahl Fimreite
fagkoordinator