Fullt Hus UB
Tekst og bilde: Fjordabladet v/Helga Didrikke Sundal, www.fjordabladet.no

Namn: Fullt Hus UB
Forretningsidé: Eventarrangør
 
Medlemmer:
- Janne Storevik (17), Nordfjordeid - dagleg leiar
- Susann Myrold (17), Stårheim - sekretær
- Nina Hopland Erviksæter (17), Stårheim - kasserar
- Chelsea Wells var med inntil ho reiste tilbake til Australia etter nyttår
Alle går på Vg2 Samfunnsfag, økonomi og språk (2STB) og har entreprenørskap som programfag fem timar i veka.
 
Lærar: Leiv Johnny Endal
Mentor: Inger Lise Myrold

Vil samle fulle hus
 
UTDANNING: Få arrangement for ungdom i Eid gjorde at ungdomsbedrifta Fullt Hus UB starta opp. Før jul hadde dei suksess med sitt aller første arrangement.
 
17-åringane Janne Storevik, Susann Myrold og Nina Hopland Erviksæter står bak ungdomsbedrifta som arrangerte juleball i Valhall siste laurdagen før jul. Den australske utvekslingsstudenten Chelsea Wells var òg med inntil ho reiste tilbake til heimlandet like etter nyttår.
 
Skjer for lite
Ungdommane synest det skjer for lite for deira aldersgruppe i Eid.
 – Det ville vi gjere noko med, fortel trioen som går andre året på studieførebuande utdanningsprogram ved Eid vidaregåande skule (EVS) og har entreprenørskap som programfag fem timar i veka.
 Elevane kom opp med mange idear til typar arrangement dei kunne lage til. Konsertar av alle slag, temafestar og bursdagsfestar står framleis på lista, og Fullt Hus UB tek gjerne på seg å arrangere noko for andre.
 
Stor suksess
Juleballet i Valhall 19. desember var det første arrangementet i regi av ungdomsbedrifta. Det vart ein stor suksess med nærare 200 festdeltakarar. Fullt Hus UB skaffa vakter, gjorde avtale med politiet, leigde lokale, skaffa band, handla kioskvarer, pynta og marknadsførte arrangementet.
 – Vi hadde litt problem med å få tak i nok vakter, så vi skal vere tidlegare ute neste gong, seier Janne, Susann og Nina. Økonomisk gjekk juleballet òg veldig bra, så no har ungdomsbedrifta litt pengar på bok som kan vere greie å ha til seinare arrangement.
 
Viktig å vere positive
Medelevane ved EVS var litt skeptiske til juleballet i byrjinga. Då erfarte trioen at det var viktig å ha trua på sitt eige prosjekt.
 – Vi var bevisste på å vere positive utad og halde eventuelle problem internt i bedrifta. Viss vi er negative, blir folk rundt oss det òg, fortel Janne, Nina og Susann. Samarbeidet dei imellom går bra sjølv om dei av og til hamnar i tottane på kvarandre.
 
Gode råd
Mentor Inger Lise Myrold er viktig for Fullt Hus UB. Ho er mor til Susann og jobbar som bedriftsrådgjevar i Sparebanken Vest.
 – Det er godt å ha nokon utanfrå til å gje råd. Av og til bryr ho seg nesten meir om ungdomsbedrifta enn vi, seier Susann Myrold.
 Elevane skryter òg av lærar Leiv-Johnny Endal for å vere positiv, kome med råd og hjelpe dei til å vere realistiske.
 
Garanterer fleire arrangement
Janne, Susann og Nina har lært kor viktig det er med god planlegging og å fordele arbeidet.
 – I starten ville vi gjere alt sjølv, no er vi blitt flinkare til å ta imot hjelp. Og så er det viktig å ikkje berre snakke om ting, men faktisk gjere det, seier bedriftseigarane i Fullt Hus UB.
 No veit dei kva som skal til for å lage eit godt arrangement og garanterer fleire tiltak utover våren. Kva det blir, held dei førebels hemmeleg.


fullthus300
Juleballet vart ein suksess, og Fullt Hus UB garanterer fleire arrangement for ungdom utover våren. F.v. Nina Hopland Erviksæter, Susann Myrold, Janne Storevik og Chelsea Wells. (Foto: Anna Wuttudal)
fullthus1300
Janne Storevik, Nina Hopland Erviksæter og Susann Myrold
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Eid VGS