Dette er eit tilbod til dei som ynskjer å gå frå yrkesfag til universitets– eller høgskulestudium. For å bli teken opp som elev på dette kurset, må ein ha gjennomført minst VG1 og VG2 i ei av dei yrkesfaglege studieretningane. Dersom ein ikkje vel å satse på lærlingplass eller VG3-kurs i yrkesfag, er dette eit godt alternativ.
Studiekompetanse betyr inngangsbillett til høgare utdanning og er nødvendig dersom du vil satse på ein akademisk karriere. Viss du har planar om studium som ingeniør eller medisinar, må du i tillegg ha meir realfag enn du får på dette påbyggingskurset.
