Ein skule med tradisjonar
Eid vidaregåande skule byggjer på opplæringstradisjonen frå tre privatskular: Holmøy arbeidsskule, Eids gymnas og Georg Kragseths handelsskule.

Eid gymnas
Eid gymnas vart starta opp som ein toårig privatskule i 1922, men med kommunal stønad. Frå 1951 tok Eid kommune på seg det økonomiske ansvaret for skulen. Skulen rekrutterte frå heile landet med eit stort innslag frå Nord-Noreg. Elevane var gjerne eldre enn det som var vanleg elles på gymnasa. I åra etter krigen utmerka skulen seg med svært gode eksamensresultat. Dei siste toårige klassane gjekk ut i 1983.

Georg Kragseths Handelsskule
Denne skulen vart starta opp som privat handelsskule med heil- og halvårlege kurs i 1932 og var fram til 70-talet einaste handelsskulen i Nordfjord. Mange var dei frå Søre- Sunnmøre som også fekk handelsutdanninga si på Nordfjordeid. Eid kommune tok over drifta i 1966.

Holmøy arbeidsskule/Eid yrkesskule
Oppstartåret for skulen var så tidleg som 1858. Han blir rekna som eldste yrkesskulen i landet. Møbelsnikkarfaget saman med smed- og mekanikarfag var dei viktigaste tilboda. Periodevis fungerte skulen som kompetansesenter innan desse faga. Eid kommune tok over ansvaret for drifta på slutten av 1960-talet.

Eid vidaregåande skule
Sogn og Fjordane tok etter kvart over ansvaret for vidaregåande opplæring, og på 1980 talet var det to vidaregåande skular på Nordfjordeid: Eid vidaregåande skule, som var tufta på gymnaset og handelsskulen, og Eid yrkesskule som var eit framhald av opplæringstradisjonen frå Holmøy arbeidsskule, men med ei omfattande opplæring innan elektrofag og elektronikk. Desse to skulane vart slegne saman 1. august 1992 under namnet Eid vidaregåande skule.

SAMLOKALISERT SKULE
15 år seinare, sommaren 2007, starta byggjearbeida som i samla heile skulen under same tak på Mel i lag med Operahuset Nordfjord, folkebiblioteket og kinoen. Den offisielle opninga av heile huset var 25.april 2009.


gamleskule
Gamleskulen på Mel
nybyggstart
Byggestart
nyeskule
Eid vidargåande skule og Operahuset Nordfjord, Fotograf: Øystein Torheim
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Eid VGS