Fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane

Digital Brosjyre 

1
 
Eleven skal møte presis til opplæringa
 
2
 
 
Eleven skal melde frå til kontaktlærar/faglærar dersom han/ho må forlate opplæringa i løpet av skuledagen
 
3
 
 
 
 
 
Eleven skal melde frå om fråvær frå første fråværsdag.
Ved gjenteke fråvær og forseintkomming skal skulen følgje opp eleven det gjeld. Ved fråvær meir enn ein dag utan å gje melding skal kontaktlærar kontakte eleven. Ved fråvær meir enn to dagar utan melding skal foreldre/føresette kontaktast dersom eleven er umyndig. Hybelbuarar skal følgjast opp særskilt.
 
4
Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.
Rektor kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på kompetansebeviset.
Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.
Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.
For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet/kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skuldast:
a) helse- og velferdsgrunnar
b) arbeid som tillitsvald
c) politisk arbeid
d) hjelpearbeid
e) lovpålagt oppmøte
f) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå
For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.
Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær.
Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller kompetansebeviset  

Det skal nyttast eit felles skjema som grunnlag for krav om at fråvær ikkje skal førast på vitnemål/kompetansebevis. Skjema og dokumentasjon skal leverast til kontaktlærar fortløpande, det vil seie etter kvar gong eleven krev at fråvær ikkje skal førast etter reglane i forskrift til opplæringslova. Det er berre rektor som har mynde til å godkjenne om kravet skal takast til følgje.

 
5
 
 
Eleven kan krevje at årsakene til anna fråvær enn det som går fram av punkt 4 vert ført på vitnemål eller kompetansebevis. Eleven har sjølv plikt til å dokumentere årsakene til fråværet.
 
6
Avtalar med rådgjevar, helsesøster og pedagogisk-psykologisk teneste skal ikkje førast som fråvær. Eleven har plikt til å dokumentere også dette fråværet.
 
7
 
 
 
 
 
Høgt fråvær, uavhengig av om reglane i punkt 4 er følgde eller om fråværet er dokumentert eller ikkje, kan føre til at det ikkje er mogeleg å gje standpunktkarakter. Avgjerdsmyndet her ligg til faglærar.
 
Reglane om varsling i §3-7 i forskrift til opplæringslova gjeld.
 
8
 
 
Fråværsreglementet for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane gjeld frå 1.8.2010.

 
 
 
Fråværsreglementet er vedteke i hovudutval for opplæring i sak 22/10, 18.august 2010, med heimel i forskrift til opplæringslova, § 3-47.


Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Eid VGS