Programfag: Medie- og informasjonskunnskap
Dette faget nyttar tre perspektiv: 1. Historisk: norsk og internasjonal mediehistorie, 2. Samfunnsfagleg: media si rolle i samfunnet, og individet i eit mediesamfunn, og 3. Tekstleg: utforming, vurdering og analyse av ulike medietekstar, samt innføring i journalistiske og informasjonsfaglege arbeidsmåtar.
 

Vi legg vekt på at elevane skal få utforske faget og eigne uttrykksevner i praktiske prosjekt. I praktiske prosjekt skal elevane bevisst utforme bodskap til ei vald målgruppe, samt vere bevisste på tema som kjeldekritikk og opphavsrett. 
 medie2  medie3  medie4  
Nokre magasinframsider som elevar i andre klasse har utforma.

 
Vi legg også til rette for at elevane skal kunne samarbeide med organisasjonar eller bedrifter i nærmiljøet, og utforme medieprodukt som desse kan nytte.

Elevar i tredje klasse har hausten 2008 produsert ein reklamefilm for Malakoff rockefestival, og ein videopresentasjon til bruk på Grundercamp 2008. 

Vi legg også til rette for at elevane i praktisk arbeid kan fokusere på interesser og evner. 
 medie1
Filmplakat av tenkt reproduksjon av kultfilmen ”Plan 9 from outer space”.



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Eid VGS