Skulemusikal
Skuleåret 11/12 vil vi setje opp ein ny musikal på Eid vgs. Dei føregåande musikalane, Grease, Rent og West Side Story, har vore store suksessar med over 1000 tilskodarar. Alle elevar på skulen har moglegheit til å vere med, men alle elevar må gjennom ein audition.
 
Faget ligg som ein time fast på timeplanen gjennom heile året og vil i tillegg ha mykje tid før og i framføringsperioden. Ein må rekne med at det kan gå mange kveldar, helger og kanskje delar av vinterferien. Sjølv om dette er mykje jobbing, blir det ein unik moglegheit til å kunne utfolde seg på scena og å utvikle seg sjølv på mange områder.
 
Regissør vil vere Michael Pavelich. Kva for musikal det blir, blir bestemt etter auditionane når ein ser kva for aktørar ein har med. Det er behov for songarar, skodespelarar og dansarar.
 
 
Audition blir i starten av skuleåret.
 
Ta utfordringa og nytt sjansen: bli med!   Les om musikalen West Side Story HER
 

 



musikal
Foto: Ingrid Brandal Myklebust/NRK
musikal1
Foto: Ingrid Brandal Myklebust/NRK
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Eid VGS