We Care UB
Tekst og bilde: Fjordabladet v/Helga Didrikke Sundal, www.fjordabladet.no

Namn: We Care UB
Forretningsidé: Hjelpe barn og unge i Ukraina
 
Medlemmer:
- Tiril Aurora Reksnes (17), Eid.
- Unn Mona Sletteberg Aarvik (19), Stadlandet/Stryn
Begge går på Vg2 Sal, service og tryggleik (2SSA)
 
Lærar: Leiv Johnny Endal
Mentorar: Vegard og Margrete Stordal

Ungdom hjelper ungdom
 
UTDANNING: Tiril Aurora Reksnes (17) og Unn Mona Sletteberg Aarvik (19) skiljer seg ut blant dei mange ungdomsbedriftene. Deira forretningsidé er å samle inn nok pengar til at ein ungdomsheim i Ukraina kan starte opp igjen.
 
Dei fleste ungdomsbedriftene har som forretningsidé å selje produkt eller tenester. Ideen om å gjere noko anna kom då dei to elevane ved Vg2 Sal, service og tryggleik høyrde på eit foredrag om eit ungdomssenter.
 
Mentorar på Karmøy
Tiril Aurora har drive med fleire andre elev- og ungdomsbedrifter på tidlegare skular, og ønskte å gjere noko anna, noko med meining i. For Unn Mona betyr det mykje å gjere noko for andre.
 Deira første idé var å samle inn kle og leikar til Moldova. Etter ein del fram og tilbake enda dei i staden opp med eit samarbeid med Tro, håp og kjærlighet (THK). Stiftinga har hovudsete på Karmøy og støttar kristent og humanitært arbeid i Aust-Europa. Dei tilsette Vegard og Margrete Stordal vart mentorane til ungdomsbedrifta, og i november møttest dei i Bergen.
 – Dei har hjelpt oss utruleg mykje, seier Unn Mona og Tiril Aurora. Saman fann dei ut at det ville samle inn pengar til Independent Living Center (ILC) som ligg under hovudorganisasjonen Ministry of child rescue.
 
Sterke historier
Senteret gjev husvære for tenåringar, men vart lagt ned grunna dårleg økonomi. Hovudmålet er å gje ungdommar ei form for sosial tilpassing for å gjere dei meir sjølvstendige. Elevane har fått høyre mange sterke historier undervegs.
 – Vi har det så godt, men berre ein time unna med fly finst det heimlause tenåringar. Det er utruleg at det går an i 2010, seier Tiril Aurora Reksnes og Unn Mona Sletteberg Aarvik.
 
Sel kaker
Førebels har elevane selt kaker for å samle inn pengar. I tillegg til å gå på dørene på Årsheim, Stårheim og i Kjølsdalen har dei fått god hjelp frå Kjell Humborstad som har teke med seg kakeboksar rundt om i distriktet.
 – Vi har fått berre positiv respons. Folk er opptekne av kva pengane går til, og dei likar at ungdomsbedrifter gjer slikt, fortel elevane.
 
Håpar på støtte
No satsar We Care UB på omtale gjennom aviser, radio og fjernsyn slik at folk gjev pengar til ungdomssenteret. Det gjer ein ved å kontakte dei to elevane på telefon 90 78 06 68 eller 46 94 64 79. På fylkesmessa i mars vil dei informere om prosjektet og planlegg å dele ut giroblankettar.
 Å vere berre to personar i ungdomsbedrifta gjer at alt arbeidet blir fordelt på færre og ting tek lenger tid.
 
Problem med kommunikasjon
Ein skulle tru at kommunikasjonen internt i bedrifta ville vere uproblematisk, men Tiril Aurora og Unn Mona opplevde det stikk motsette.
 – Før jul sleit vi faktisk med misforståingar, ulike meiningar og feiltolking oss i mellom, seier dei to som ikkje kjende kvarandre godt frå før. Dei ordna opp i problema og er no gode vener.
 – Men vi skal aldri starte bedrift saman, ler Tiril Aurora Reksnes og Unn Mona Sletteberg Aarvik som har lært mykje undervegs.


wecare300
Tiril Aurora Reksnes (t.v.) og Unn Mona Sletteberg Aarvik vil hjelpe andre. Dei har opplevd samarbeidsproblem sjølv om dei berre er to personar i ungdomsbedrifta We Care.
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Eid VGS