Eid vgs - Studiespesialiserande og toppidrett hest
 
Eid vgs tilbyr i samarbeid med Fjordane folkehøgskule eit programfag 5 t pr veke frå  og med skuleåret 2010-11. Dei to skulane har alt hatt sitt fyrste planleggingsmøte. Bakgrunnen for å utvikle tilbodet er ønske frå fleire foreldre til framtidige elevar som driv med hest. Elevane vil med dette programfaget kunne få utteljing på vitnemålet for hesteaktivitetane sine.
Innhald i faget:

Treningsplanlegging
Hovudområdet omfattar forhold som er viktige i treningsplanlegging. Utarbeiding av eigne treningsplanar står sentralt. Treningsplanlegging omfattar også regelverk i spesialidretten, og kva haldningar og åtferd som vert forventa av ein idrettsutøvar.

Basistrening
Variert trening av eigenskapar som er viktige for prestasjonsutvikling og førebygging av skadar i spesialidretten.

Ferdigheitsutvikling
Hovudområdet omfattar systematisk og målretta trening av ferdigheiter som er sentrale for prestasjonsutvikling i spesialidretten.

Elevane vil kunne velje programfaget alt frå VG1.
Læreplanane for toppidrett er treårige med 5 t kvart år. Elevane vel sjølve kva andre fag dei vil velje på VG2 og VG3 ved sida av Toppidrett 1, 2 og 3. Totalt må elevar på studiespesialiserande ha 90 t/v over 3 år etter visse reglar. Elevane treng ikkje å ta toppidrett alle tre åra. Det er valfritt.

Timetal:
5 t/v utgjer 140 årstimar. Det vil bli utarbeidd ein konkret plan som viser kor mange timar kvar aktivitet får.
Aktivitetar og opplegg på kveld og i helgane vil kunne inngå som del av desse 140 årstimane.

Toppidrett hest er eit spennande samhandlingsprosjekt mellom Eid vgs, Fjordane folkehøgskule, Eid Ride- og køyreklubb, elevar og foreldre.
 


Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Eid VGS