Programfag: Næringslivsøkonomi
– eit moderne fag
Næringslivsøkonomi er eit fag som består av 2 programfag
Faget går over 2 år, Økonomistyring Vg2 og Økonomi og Leiing Vg3.
Faget gir eit godt grunnlag for vidare studier i både økonomi og mange andre fag
 
Økonomistyring legg vekt på sentrale trekk ved næringsutviklinga i Norge og korleis bruk av ulike ressursar gir grunnlag for næringsverksemd og interessekonflikter.
Ein lærer mellom anna å føre rekneskap, analysere rekneskapstala, setje opp budsjett og budsjettkontroll m.m.
 
Faget Økonomi og leiing Vg3, tek føre seg bedrifta sitt samfunnsansvar, bedriftsøkonomisk lønnsemd, tilpassing av produksjon for betre lønnsemd og økonomiske analysar som grunnlag for strategiske avgjerdsler. Konsekvensar av globalisering, HMS-arbeid m.m
 
I desse faga bruker ein digitale verktøy med reknemodellar for å løyse dei fleste oppgåvene.  
 
Økonomifaget får ein bruk for i mange yrke, mellom anna:
 
Jurist .  Reklame og marknadsføring. Service i ulike samanhengar. Administrasjon, leiing og politikk.  Økonomi, finans, bank, forsikring. Undervisning. Kommune, stat- og organisa-sjonsarbeid. Handverk og andre yrkesområde.
 
Alle treng å kunne litt om økonomi, både som privatperson og i dei fleste yrke.


Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Eid VGS