For deg som vil lære spanande fag innan økonomi, entreprenørskap og service gjennom ein god kombinasjon av teori og praksis. ”learning by doing”
Ei interessant og utviklande studieretning. Enten du vel to år skule og to år lære, eller tenkjer vidare på skule via eit år med påbygging til generell studiekompetanse.
Grunder – skap di eiga bedrift!
Entreprenørskap i skulen:
o Gjennom arbeid med Ungdomsbedrift, lære i praksis kva det vi sei å starte og drive eiga bedrift
o Opprette og utvikle samarbeid med næringsliv og byggje eigne nettverk knytt til ungdomsbedrift, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt
o Utvikle gode kunnskapar om å presentere og selje ideen sin, for ulike forsamlingar og på stand.
Programfag.
Fag innan programområdet:
o Vg1 Service og samferdsle:
Planlegging, Drift og oppføljing, Kommunikasjon og service, Prosjekt til fordjuping
o Vg2 Sal, service og tryggleik
Økonomi og administrasjon, Marknadsføring og sal, Tryggleik, Prosjekt til fordjuping
Nyttig læring uansett vegen vidare
Når du går vg1 service og samferdsle og vg2 sal, service og sikkerheit får du:
o Jobba mykje med og utvikla deg innan fagretta IKT
o Utvikle god kunnskap innan presentasjonsteknikk og rolla som seljar.
o Knytt teori og praksis i hop på ein interessant måte gjennom arbeid ute i næringsliv og gjennom arbeid med eiga Ungdomsbedrift
o Eit godt innblikk i lokalt og regionalt næringsliv, gjennom besøk i næringshagar, bedrifter og kjøpesenter.
Praksis i næringslivet.
Gjennom prosjekt til fordjuping kan du jobbe med og utvikle kunnskapen din innan desse fagområda(du vel sjølv bedrift og fagområde):
o Salsfaget
o Kontorfaget
o Resepsjonsfaget
o Reiselivsfaget
o Vekterfaget
Internasjonalt satsing – utvid horisonten
Vg 2 sal service og tryggleik er og med i Eid vidaregåande skule si internasjonale satsing. Gjennom ein skule i Estland, Luunja Keskool, er vi i gang med å utvikle samarbeid innan entreprenørskap og ungdomsbedrifter i skulen på eit internasjonalt nivå.
