
Skulen har eit tilbod i faget Toppidrett1 og Toppidrett2.
Faget er eit programfag frå idrett og er på 5 t/v. Du trenar to timar før skuletid kvar tysdag (generell grunntrening), har ein teoritime 5.time tysdag og trenar to timar utanom skulen med din idrett kvar veke.
For å ta faget må du helst drive på eit visst nivå med idretten din og ha ønskjer om å utvikle deg innanfor den. Du må lage ein avtale med trenaren din for å leggje opp dei to timane utanom skulen. Du må skrive treningsdagbok og ha ein del testar på skulen.
Du får standpunktkarakter i faget og kan trekkjast ut til munnleg-praktisk eksamen.