Vaksenopplæring

 
Kva har du rett på?

  • Vidaregåande opplæring som fører fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller kompetanse på lågare nivå.
  • Du har rett på opplæring som er på dei vaksne sine premissar.
  • Du har rett på ei opplæring som byggjer vidare på eigen kunnskap og røynsle.

Realkompetanse – kva er det? 

Realkompetanse er den kompetansen vaksne har opparbeidd seg gjennom formell opplæring og gjennom å delta i arbeidsliv og samfunnsliv, ved kurs, bedriftsintern opplæring o.l. Realkompetanse skal vurderast ut frå aktuelle læreplanar for fag i vidaregåande opplæring.
Ei vurdering av realkompetanse er likeverdig med ein standpunktkarakter.
  • Informasjon om vaksenopplæring
  • Vurdering av tidlegare utdanning.
  • Utfylling av søknad om opplæring
  • Utfylling av søknad om realkompetansevurdering

Kven betaler?

  • Opplæringa er gratis.
  • Realkompetansevurdering er gratis for vaksne med rett
  • Du må sjølv dekkje utgifter til t.d. materiell, læremiddel og reise. Vaksne med rett, får gratis læremiddel.
  • Du kan søkje Statens lånekasse for utdanning om støtte.

For meir informasjon kontakt Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Nils Taklo tlf: 57 88 52 29 eller epost:
nils.taklo@sfj.no

Du vil og finne meir informasjon om vaksenopplæringa finn på desse nettsidene:

SØKNAD: lenke til VIGO-VAKSEN  (gjeld både søknad vaksenopplæring og realkompetansevurdering)

 RETTLEIING



utdanning
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Eid VGS