Innføringsgruppe
Eid vgs har frå skuleåret 2009-10 hatt innføringsgruppe med 10 elevplassar.
Etter året i innføringsklassen er det tenkt at elevane skal søkje inntak på VG1.

Innføringsgruppa har eit opplegg med 25 t undervisning pr veke i følgjande fag:
Norsk, samfunnsfag, naturfag, matematikk, kroppsøving, engelsk, IKT og kommunikasjon/kultur. Målet med opplæringa er å nå kompetansemåla for 10. klasse i ungdomsskulen.

Målgruppa er elevar i alderen 16 – 19 år, som har ein viss bakgrunn i norsk, men som ikkje vil ha utbyte av opplæring i ordinær klasse i vidaregåande skule.

 
Deltaking i innføringsgruppa går ikkje av retten til vidaregåande opplæring. Når elevane har gjennomført året i innføringsklassen, har dei framleis 3 år att av retten til vidaregåande opplæring.

Det er utarbeidd eigne søknadsskjema for innføringsklassen. Søknadsfrist 1. mars.

Vedleggsskjema_for_minoritetsspraklege.docx



innf300
Innføringsgruppe ved Eid vgs
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Eid VGS