Sosiologi og sosialantropologi er eit programfag på Vg2 som byggjer på samfunnsfaget i Vg I. Sentrale emne er t.d. årsaker til kriminalitet, massemedia sin plass i samfunnet, det fleirkulturelle Noreg, fattige og rike i Noreg, om hovudtrekk i arbeidslivet og korleis samfunnsforskarar arbeider.
Politikk og menneskerettar på Vg 3 handlar om norske og internasjonale samfunnsforhold der t.d. krig og konfliktar, fattigdomsproblemet og menneskerettar er sentrale tema.
Elevane skal arbeide aktivt med faget m.a. å planlegge og gjennomføre eigne undersøkingar. Vi legg og vekt på å knyte faget tett opp til aktuelle hendingar i inn og utland. Faga er også nyttige i forhold til historie og norsk.
Desse faga kombinert med samfunnsfagleg engelsk og mediefag gjer deg godt skikka til å studere vidare ved høgskular/universitet.