31. januar og 01.februar gjennomfører ca 70 vg2 elevar på yrkesfag Ungt entreprenørskap sitt program "frå Utdanning til jobb". Sparebanken Sogn og Fjordane er UE sin samarbeidspartnar i dette programmet, og dei er ansvarlege for samtlege gjennomføringar i fylket.
Publikum blir tatt med inn i framtida til Eid der det verst tenkelege har skjedd! Sjukehuset er nedlagt, skulane, Malakoff og bedriftene i Eid har gått konkurs. Premiere 27. januar
Design og handverk har laga modellar til kulissar til årets skulemusikal. Kulissegjengen vil saman finne den best egna modellen i løpet av komande veke. Her er nokre av forslaga som skal bedømmast....
Design og handverk og Interiør og utstillingsdesign skal alle vere med på ein spennande konkurranse der ein skal designe med trespilar. Temaet er Tre i samferdsel.
Det er no klart for gjennomføring av elevundersøkinga 2012. Undersøkinga er viktig for skulen for å sjå korleis elevane har det både med trivsel og læring. Gjennomføringa av undersøkinga må skje i frå no og til 15.februar. Innlogging til undersøkinga finn du i høgremargen og brukarnamna har kontaktlærar fått.
37 personar frå opplæringssektoren i Sogn og Fjordane fylkeskommune reiser denne veka på BETT - messe i London.Frå Eid vidaregåande skule reiser 2 representantar.
Karakterar første halvår - føresettesamtale i veke 5
Fredag 13.01.12 er teljedato for fråvær og slutt på første halvår. Alle fagkarakterane og karaker i orden og åtferd, vert tilgjengelege for elevane i Skolearena måndag 16.01.12.
Det nærmar seg jul. Siste skuledag er i dag tysdag 20.12.2011. På programmet i dag er aktivitetar, graut og kulturprogram i Operasalen. Sjå bilder i albumet under les meir. Første skuledag etter jul er 3. januar
Elevane frå vg1 Service og Samferdsle og vg2 Sal, Service og Sikkerhet var på bedriftsbesøk til AMFI Moa, onsdag 14. desember. AMFI Moa er Norges 3. største kjøpesenter.
Under Kulturnatt Nordfjord 11. november 2011 opna design- og handverkselevane ved Eid Vidaregåande Skule ei fantastisk kunstutstilling på Malakoff i samarbeid med "Kreative kvinner".
Tysdag var det fagdag for programfaga Økonomistyring og Økonomi og leiing i kinosalen på Eid vgs. Skulen hadde besøk av Trond Briskeby frå Rolls Royce, Hilde Alsaker frå Norges Handelshøgskule og Ragnhild Gundersen frå Sogn og Fjordane Energi.
Førsteårselevane på teknikk og industriell produksjon var mandag på bedriftsbesøk på Ekornes Grodås. Elevane jobbar sjølve med å lage ulike bord og benkar med materiale som dei har fått av Ekornes, og det var difor ekstra spennande og besøke produksjonsbedrifta med 100 tilsette på Grodås.
Det var ein flott gjeng av ungdomsbedriftsleiarar som var samla på Gloppen Hotell 22. - 23. november. Evalueringane i etterkant tilseier at dei unge leiarane var svært nøgde med både kurset og opphaldet.
Torsdag 24.11 fekk elevane i fransk2 ein smakfull fransktime.Med franske oppskrifter presterte dei å lage terte med bacon, løk og egg, salat til,ei formkake med paprika, oliven og fetaost, og som dessert Mousse au chocolat.
Eid vidaregåande skule står som utgjevar av Sogeskrift for Eid. No er eit nytt skrift i handelen i Totland libris. Det er eit innhaldsrikt stoff som vert presentert, med ulike tema: Utvandring, barndom, ungdomslagsarbeid, partihistorie – Høgre i Eid, restaurering av smie, pelsdyrhald, berre for å nemne nokre.
Utval for Samfunnsutvikling vedtok torsdag kveld at Eid kommune sin Ungdommens Kulturpris for 2011 går til Marcus Haus. Vedtaket var i tråd med tilrådinga frå Eid Ungdomsråd.
Denne veka har vi besøk av to lærarar frå ein tysk skule, som Eid vgs. planlegg å samarbeide med i åra som kjem. Vi satsar på utveksling av elevar innanfor språkfaga tysk, fransk og engelsk, men også dei ulike yrkesfaglege gruppene vil kunne bli involvert i eit utvekslingssamarbeid.
Årest skulemusikal vert Les Misèrables. Det vert framføring desse dagane: 16.,17., og 18.mars. Billettsalet på www.operahuset.no startar 23. november ved midnatt 37 elevar har musikal som valfag i år og vil stå på scena.
Tysdag 15. november var elevar frå Eid vgs. på sitt etterkvart årlege bedriftsbesøk til Noregesvinduet Bjørlo AS. Elevane som var på besøk tek faget økonomistyring som programfag på studiespesialiserande, og denne gangen var og elevar som går på VG2 sal, service og tryggleik med.