Rullar med oransje fiberkablar.

Breiband

Fylkeskommunen har som mål at alle bedrifter og innbyggjarar i Sogn og Fjordane skal ha tilgang til eller ha prosjekt for å etablere andre generasjon breiband innan 2020. Strategien er fylkeskommunal, men han er avhengig av statleg støtte for å bli realisert.

Fylkeskommunen har som mål at alle bedrifter og innbyggjarar i Sogn og Fjordane skal ha tilgang til eller ha prosjekt for å etablere andre generasjon breiband innan 2020. Strategien er fylkeskommunal, men han er avhengig av statleg støtte for å bli realisert.

Regjeringa har etablert ei tilskotsordning for breiband. Gjennom denne ordninga vil ein sikre eit tilstrekkeleg godt breibandtilbod til områder det ikkje er lønsamt å byggje ut på kommersielle vilkår.

Kommunane og fylkeskommunen kan søke Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit om statlege tilskotsmidlar. Det er ei årleg søknadsrunde med søknadsfrist om våren og tildeling om hausten. Eigendelen for husstandane, kommunane og fylke er om lag 1/3, staten dekker om lag 1/3 og vi forventar at utbyggar/leverandør dekker om lag 1/3 av totalkostnaden. Husstandar og bedrifter må kontakte sin kommune for å melde inn behov. I statsbudsjettet for 2017 var det sett av 138,7 millionar kroner til denne tilskotsordninga. 

Kommunane i Sogn og Fjordane har i perioden 2014-2017 fått over 100 millionar kroner i statstilskot. Tilskotet har utløyst ei breibandutbygging i fylke til ein verdi av om lag 310 millionar kroner.

Områder som manglar eit fullgodt tilbod i fylket er merka raudt og oransje i kartet: www.fylkesatlas.no/breiband.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Egil Henning Ytrøy
Rådgjevar
Egil.Henning.Ytroy@sfj.no
402 04 384

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00