Økonomielevar på bedriftsbesøk hos Vest Auto på Nordfjordeid

BEDRIFTSBESØK PÅ VEST AUTO

Onsdag 27.09 var elevar som går studiespesialiserande vg2 med fagval økonomi, på bedriftsbesøk til Vest Auto på Nordfjordeid. Dagleg leiar Geir Ove Åsebø guida oss gjennom ein og ein halv time tettpakka med historia bak bedrifta, grundig innsyn i oppgåver bedrifta har, kundebehandling, tilsette i bedrifta og mange andre spennande tema som korleis ein i fellesskap er med å byggje eit yrande næringsliv i ei kommune som Eid.

Galleri

Butikk Geir Ove
Delelager 2
Alvorleg gjeng
Verkstad 2
Verkstad 3

Dagleg leiar Geir Ove, fortalde oss korleis han frå oppstart av bedrifta på Stårheim, der han  sjølv stod for dei fleste av bedrifta sine oppgåver, flytta til Øyane på Eid og til slutt enda opp i flott nybygg i Rådhusvegen på Nordfjordeid med 14 tilsette.

Geir Ove fortalde vidare at i løpet av to år har bedrifta ei målsetting om å auke omsetninga si til rundt 50 millionar. Dette er eit langsiktig mål som bedrifta jobbar hardt for å nå. Tiltak som er sett i verk for å kunne nå dette målet, er tilsetjing av ein ny seljar for å kunne nå ut til ei endå større kundegruppe.

Gjennom strategisk planlegging og tenking har bedrifta tenkt nøye gjennom både bygningsmasse, plassering, utstilling, vareutval, og tenester/produkt dei tilbyr kundane. Geir Ove er oppteken av å vere allsidig når det gjeld vareutval og særs kundevennleg i høve kva ein tilbyr kundane. Potensielle kundar skal få god oppfølging i butikken, og det er lagt til rette for at ein skal føle seg teken vel i mot når ein kjem til Vest Auto.

Når det gjeld logistikken i bedrifta i høve innkjøp av delar til verkstad og reparasjon av bilar, fekk elevane sjå korleis bedrifta planlegg for tre til fire veker fram i tid. Vidare fekk dei sjå korleis ein har kontroll på innkjøp frå leverandørar i forhold til oppdrag frå kundar. Dette er særs relevant for elevane, og er eit praktisk eksempel for oss å bruke når vi skal lære korleis vi behandlar dette i rekneskapen.

Dagleg leiar har mange og varierte oppgåver som andre i bedrifta ikkje har. Geir Ove fortalde om ein bilbransje i stor endring, som gjer at ein må følgje nøye med framover. Vidare fekk vi høyre kor viktig det er for bedrifta å vere ein trygg og god arbeidsplass for alle dei tilsette slik at desse kan føle ein tryggleik i høve inntekt og hus og heim.

Eit meget lærerikt og inspirerande fyrste bedriftsbesøk for elevar og lærar skuleåret 2017-18,

takk for oss!

 

Renate Ness-Briskeby

Tips ein ven Skriv ut