Eid vidaregåande skule
Bedriftsbesøk på Norgesvinduet Bjørlo

Bedriftsbesøk

Elevar på studiespesialiserande som vel økonomifag får i løpet av skuleåret moglegheita til å besøke ulike lokale bedrifter. I haust har elevane på vg3 vore på besøk til Norgesviduet Bjørlo og Sparebanken Sogn og Fjordane og hatt besøk frå Norsk Fjordhestsenter. Kjempespennande og svært varierande tema.

Galleri

SPSF 5
SPSF 4
SPSF 3
SPSF 2
Bjørlo 3
Bjørlo 2

Bedriftsbesøk Norgesvinduet Bjørlo AS

Fredag 31.08 hadde elevane på studiespesialiserande vg3 økonomifag fagdag. Tema til fagdagane var organisering, leiing og HMT. Vi ønska oss ein variert dag der vi fekk innsyn i korleis bedrifter konkret jobba med desse temaa, i tillegg til diverse oppgåver knytt til same tema. Vi fekk i den anledning høve til å kome på besøk til bedrifta Norgesvinduet Bjørlo på Nordfjordeid. Der vart vi tekne i mot av Terese Blindheim som jobbar som seljar for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Vi hadde fyrst ei økt der vi Terese fortalde om bedrifta og produkta dei tilbyr kundane, ho fortalde også om korleis ho som reisande seljar arbeidde med å skaffe bedrifta prosjekt. Vi fekk høyre om korleis bedrifta løyste ein vanskeleg periode med mykje reklamasjon frå kundar grunna produkt som ikkje var tilfredsstillande, og vidare kva tiltak dei hadde sett i verk for få økonomien tilbake på sporet. Elevane hadde i forkant sett på rekneskapstala til bedrifta og hadde kjennskap til situasjonen bedrifta har vore i siste åra. 

Vi fekk også omvising i produksjonen i bedrifta der vi såg heile prosessen med å lage eit vindauge, og korleis ein jobbar for å få til ein så effektiv arbeidsprosess som mogleg. Her fekk elevane mange gode eksempel på teoriar dei har lært om, mellom anna Leanprinsippet i nyare leiingsteori. 

Etter omvisinga fekk vi innføring i korleis det vert jobba i økonomiavdelinga i bedrifta, i tillegg kom helse, miljø og tryggleiksansvarleg og gav oss mykje god informasjon om korleis ein jobbar med dette tema i bedrifta – både på kontor og i produksjon.

Alt i alt var dette eit svært lærerikt bedriftsbesøk for både elevar og lærar, takk for oss!

 

NORSK FJORDHESTSENTER

Vi fekk besøk av dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter Magni Hjertnes Flyum. Vi er så heldige at vi skal få følgje arbeidet deira knytt opp mot korleis ein gjer seg rusta til å ta imot Cruiseturismen som kjem sommaren 2019. 

Magni gav oss godt innsyn i historia til fjordhesten, som er ein av tre nasjonale hesterasar. Noreg har ansvar for å føre hesterasa vidare og får difor støtte frå landbruksdepartementet til å drive med avl. Fjordhesten vert generelt mykje nytta til undervisning, terapi og turisme. Norsk Fjordhestsenter er ein statleg arbeidsplass der to og ei halv stilling er finansiert med midlar frå staten, det var difor knytt stor spenning til statsbudsjettet som vart lagt fram like før besøket. Inntektene sine hentar dei i tillegg frå kurs, ridetimar, oppstalling, avl, utleige hall og utleige hytter. Mykje av dette gjev svært lite inntekter, men er uansett viktige oppgåver for Fjordhestsenteret. 

Etter presentasjon av bedrifta fekk elevane utdelt ein case der dei skulle jobbe i grupper og kome med forslag til kva Fjordhestsenteret kan bidra med når Cruiseskipa kjem neste vår. Det var idémyldring og fleire spenstige forslag kom fram. Det viser seg at dette arbeidet er utfordrande og at ein må tenkje i heilt nye baner når turismen gjer sin innmarsj i bygda. 

Vi er så heldige at vi skal få vere testgruppe for Fjordhestsenteret sitt produkt knytt til turisme etter nyttår. Då skal vi vere turistar for ein dag og gje ris og ros etter å ha prøvd ut det dei tenkjer å tilby turistane som vitjar Nordfjordeid.

Eit kjekt og litt annleis bedriftsbesøk som vi gler oss til å følgje opp vidare. Takk til Magni Hjertnes Flyum som tok seg tid til oss innimellom statsbudsjett og turisme.

 

Sparebanken Sogn og Fjordane avdeling Nordfjordeid

I Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling på Nordfjordeid vart vi tekne godt i mot av Ann Serine Hagen og Helge Høvik som jobbar opp mot privatmarknaden, og Svein Petter Starheim på bedriftsmarknad. I tillegg fekk vi så vidt helse på eigedomsmeklar Sissel Anett Halnes som hasta vidare ut på oppdrag. 

Ann Serine viste oss rundt i lokala og fortalde at etter nyttår skulle bedrifta flytte inn i nye lokal i Amfi. Bedrifta har vore etablert på Nordfjordeid i 10 år og er den største banken i Sogn og Fjordane med ein marknadsdel på 50%. Hovudkontoret ligg i Førde og i Sogn og Fjordane er det samla sett 270 tilsette. Sparebanken tilbyr tenester knytt opp mot privat- og bedriftsmarknad, forsikringsløysingar gjennom Frende forsikring og i tillegg driv dotterselskapet eigedomsmekling. Ann Serine fortalde om korleis bedrifta har utvikla sin eigen mobilbank ved å tilsette ekspertise frå Tyskland. Og vidare korleis den nye personvernlova som trådde i kraft i juni 2018 har gjort at banken må endre sine rutinar.

Elevane fekk høyre både om investeringar i lokalmiljøet og kor viktig rolle banken spelar i slike satsingar. Personleg økonomi og forsikring var også på agendaen, i tillegg til at vi fekk eit innblikk i korleis banken forvaltar samfunnsansvaret. 

Dette var eit nyttig og interessant bedriftsbesøk for elevane både fagelg og personleg, takk til Sparebanken Sogn og Fjordane som sette av tid til oss i ein hektisk kvardag.

 

Tips ein ven Skriv ut