Elevar på bedriftsbesøk hos Norgesvinduet Bjørlo

Elevar på bedriftsbesøk hos Norgesvinduet Bjørlo

Bedriftsbesøk hos Norgesvinduet Bjørlo AS

Elevane som har programfaget økonomistyring har vore på bedriftsbesøk hos Norgesvinduet Bjørlo AS. Bedrifta har samla rundt 160 tilsette i produksjonen og i administrasjonen. 

Vi vart tekne imot av teknisk leiar, Kent Tryggestad og seljarane Kim Tore Gilleshammer, Hanne Sandal og Viviann Solheim. Dei gav oss først ein omvising i produksjonshallen.   Etter omvisinga, fortalte Viviann og Hanne litt om eigen bakgrunn og utdanning før dei gjekk gjennom ein presentasjon med litt meir informasjon om sjølve bedrifta.

Begge har tidlegare vore elevar ved Eid vgs., Hanne gjekk studiespesialiserande og har utdanning innan marknadsføring frå studiar i m.a. Australia. Vivian gjekk 2 år på sal og service, og har vore lærling i kontor og administrasjon i bedrifta før ho vart seljar.

Produkta som vert produsert, er for det meste vindauge og balkongdører. Det er mange som produsera dette både i Noreg og Europa, så det er stor konkurranse i bransjen. Det vert svært viktig å drive kostnadseffektivt og helst drive betre enn konkurrentane.

For å klare dette må kvar enkelt medarbeidar kjenne bedrifta, produkta og kvalitetskrava frå kundane.

Klimaendringane som m.a. gjev ekstremvêr, stiller aukande krav til kvalitet på produkta.  Bedrifta har og eige servicepersonell som reiser rundt i bedrifta sine salsområder.

Vi fekk presentert viktige miljøtiltak bedrifta har gjort ved å m.a. bruke kjerneved i sin produksjon av Noregsvinduet. Hadde bedrifta brukt kjemisk impregnering, ville det i deira anlegg vorte brukt ca 120 tonn med impregneringsveske i 2016! Ved å bruke kjerneveden brukar dei naturen si eiga impregnering.

Bedrifta har stor fokus på miljø og har ulike kvalitetssertifiseringar knytt til miljø. I 2005 fekk bedrifta den nasjonale miljøprisen ”Glassbjørnen”.

 

Vi lot oss imponere av den uttruleg gode logistikken bedrifta såg ut til å ha i høve produksjon, lagring og utkøyring av varer.

 

Ei viktig bedrift for Eid kommune, kjekt å vere på besøk.
Tusen takk for oss!

Kari-Lise Bjørke
Faglærar

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut