Senterleiar Gro Gjerdevik

Senterleiar Gro Gjerdevik

Bedriftsbesøk – AMFI Nordfjord

Økonomistyring og Økonomi og leiing på bedriftsbesøk til AMFI Nordfjord. Senterleiar Gro Gjerdevik,  tok vel imot oss og gav oss god informasjon om Olav Thon gruppa og AMFI Nordfjord. 

Galleri

16010292_1178071428974475_1766004196_o
16196966_1178071668974451_927409444_o
16229559_1178071115641173_716526392_o
16229561_1178071745641110_2072890197_o

Elevane vart bevisstgjorde det «folkeeventyret» Olav Thon er. Han kom til Oslo i 1940 med «to tomme hender», og er i dag Noregs støste eigedomsaktør og har Norges største børsnoterte eigedomsselskap.

Historia til AMFI Nordfjord starta med opninga av Moengården i 1985, vidare kom nytt senter i 2005 og AMFI Nordfjord vart opna 20. okt. 2016.

AMFI Nordfjord er ein stor arbeidsplass for Eid kommune, med rundt 130 personar som arbeidar på bygget. Kun 5 av 24 butikksjefar er menn. AMFI skal jobbe for å bli ein sterk og kjend merkevare, og dei vil at kundane alltid skal ha noko å glede seg til. Det var i 2013 at AMFI kom inn som drivar av senteret.

13 av 24 butikkar er lokalt eigde.

Gro fortalte og litt om sin veg fram til jobben som senterleiar. Ho har m.a. vore gründer og driv eigen kafé, utdanna seg på Hotellhøgskulen i Stavanger.  Før ho vart senterleiar jobba ho på Bryggen Hotell.

Vi lærte og noko om korleis tankane bak husleiga til butikkane vart sett, og korleis den var delt inn, slik at alle butikkane bidreg til marknadsføring av senteret og ulike aktivitetar ein gjennomfører gjennom året for å fremje sal.

Til slutt fekk vi ein liten tur ut der varene kjem inn, og blei fortalt litt i høve søppelhandtering. Krav til butikkane er at dei ryddar og sorterer søppel best mogleg for å halde dei dyre søppelkostnadane så låge som mogleg

Tusen takk til senterleiar, Gro Gjerdevik for å ta imot oss!  

Takk for oss!

Helsing

Kari-Lise og Renate        

 

Tips ein ven Skriv ut