www.eid.vgs.no

Bilete av gravrøyser i kulturlandskapet på Staveneset i Askvoll

Bilete av gravrøyser i kulturlandskapet på Staveneset i Askvoll. Foto: Berit Gjerland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Automatisk freda kulturminne

Automatisk freda kulturminne er alle spor etter menneskeleg verksemd frå tida før reformasjonen i 1536. Dei er automatisk freda etter Lov om kulturminne

Fylkeskommunen sine oppgåver

Fylkeskommunen tek imot opplysningar om funn som blir gjort. Vi informerer om funn og kulturhistorie og skiltar viktige kulturminne. I tillegg gjev vi høyringsuttaler til planar, dispensasjonar og meldingar om tiltak frå kommunar, andre offentlege instansar og private aktørar. Dette inneber å organisere og følge opp kulturminneregistreringar i arealplanar, der det er potensiale for arkeologiske funn.

Kulturminna gjev opplysningar

Kulturminna fortel oss om liv og levemåtar til menneska som har levd her tidlegare. Det omfattar tidsperiodane steinalder, bronsealder, jarnalder og mellomalder. I tida etter reformasjonen vert det gradvis fleire skriftlege kjelder. Dei gjev oss ytterlegare opplysningar til kulturhistoria vår på gards-, grende- og nasjonalt nivå.

Dei automatisk freda kulturminna kan vere tydelege og markerte, til dømes fleire typar gravrøyser. Svært mange har likevel svak eller inga markering på markoverflata og blir oppdaga når vi grev i jorda. Svært mange spor etter menneska i førhistorisk tid er enno ikkje kjente.

Oversikt over registrerte kulturminne i fylket

På Kulturminnesøk er det kart med opplysningar om registrerte kulturminne i landskapet. Men det er mange arkeologiske kulturminne som enno ikkje er kjente eller registrerte. Ta kontakt med oss dersom du meiner at det er automatisk freda kulturminne som burde ha vore med i oversikta.

Har du funne gjenstandar i jorda, i vatn eller i sjø?

Ta kontakt med oss dersom du har mistanke om at du har gjort funn her i Sogn og Fjordane. Ring oss på 57 63 80 00 eller til ein av sakshandsamarane. Ta gjerne foto med mobil og send til oss. Mykje kan avklarast raskt på den måten.

Opplysningar om forholda kring eit funn er viktige for tolkinga av det. Last ned og fyll ut funnskjemaet og sende til fylkeskommunen saman med gjenstanden.

Gjenstandar funne i jorda og som er frå før 1537, myntar frå før 1650, samiske gjenstandar eldre enn 100 år eller gjenstandar knytt til båtar funne i sjøen og som er eldre enn 100 år, er staten si eigedom jf. Lov om kulturminne § 12 og § 14.

For funn i vatn eller sjø, ta kontakt med Bergen Sjøfartsmuseum.

Metallsøking

Metallsøking har blitt ein hobby for privatpersonar. Det har mellom anna ført til at viktige arkeologiske funn har blitt oppdaga rundt om i landet.

Ta raskt kontakt med fylkeskommunen dersom du kan ha gjort arkeologiske funn. Ring eller sende oss ein e-post.

Riksantikvaren har utarbeidd forslag til retningslinjer for metallsøking. Dei var på høyring hausten 2016. Sjå nærare på desse retningslinjene dersom du er interessert i metallsøking. Mellom anna må du ha løyve frå grunneigar, og du kan ikkje søke i område med automatisk freda kulturminne. Sjekk oversikta til Kulturminnesøk for kvar det er gjort registreringar. 

Kontaktinformasjon

Namn Fagfelt Geografisk ansvarsområde E-post Telefon
Berit Gjerland Automatisk freda kulturminne Selje, Vågsøy, Bremanger, Gloppen, Jølster, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Solund og Gulen. berit.gjerland@sfj.no 41540987
Birgit Tansøy Automatisk freda kulturminne Flora, Førde, Naustdal, Gaular, Hornindal, Balestrand, Høyanger, Leikanger.  birgit.tansoy@sfj.no 41530612
Glenn Heine Orkelbog Automatisk freda kulturminne Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal, Eid og Stryn.  glenn.heine.orkelbog@sfj.no 41530612

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Berit Gjerland
Seniorrådgjevar og arkeolog
berit.gjerland@sfj.no
415 30 987

Birgit Tansøy
Seniorrådgjevar og arkeolog
birgit.tansoy@sfj.no
909 84 022

Glenn Heine Orkelbog
Seniorrådgjevar og arkeolog
glenn.heine.orkelbog@sfj.no
415 30 612

Relaterte lenker